Nytt styre og «ny» start for Kulturhuset Meieriet

David Lilleheim tek over leiarvervet i styret i kulturhuset Meieriet. Nå skal dei setja «alle klutar til» for å få til eit levande kulturhus igjen, og bed folk koma med gode forslag til arrangementer.

  • Oddbjørg Måland
Publisert:
David Lilleheim håpar på ny aktivitet i "storstoiva" i Kulturhuset Meieriet på Rennesøy.|David Lilleheim er ny leiar i kulturhuset Meieriet i Vikeåg. Foto: Privat.|David Lilleheim håpar på ny aktivitet i "storstoiva" i Kulturhuset Meieriet på Rennesøy.

RENNESØY:

Lilleheim tek over stafettpinnen etter Inger Lise Jørgensen

.

-Me har alt fått innspel om konsert med Tønes, men me tar i mot alle gode forslag med takk. Viss folk vil arrangera noko sjølv, er me også åpne for det, seier Lilleheim til Øyposten.

Det første det nye styret skal gjera er å laga ny logo og ny heimeside. Dessutan skal dei snekra saman eit årshjul med arrangementer.

-Det har vore liten aktivitet dei to siste åra på grunn av pandemien. Me har forsøkt med ulike aktivitetar, og Fantorangen-showa før jul var kjempegodt besøkt. Men elles har restriksjonane gjort det vanskeleg å ha arrangementer her. Nå håpar me på ein ny giv, seier Lilleheim vidare.

Stavanger kommune har overtatt Kulturhuset Meieriet, og det forrige styret har hatt mykje arbeid med å få alt på plass i den samanheng. Avtalen er at kommunen eig og vedlikeheld huset, mens styret, som jobbar på frivillig basis, leigar huset.

-Det gamle styret gjorde ein kjempejobb der, seier han.

-Fryktar du at rennesøybuen har gløymt ut at dei har eit kulturhus?

-Me må i alle fall bli meir synlege for å minna dei på kva flott kulturhus dei har. Det skal me prøva på, seier den nye styreleiaren, som legg til at han håpar at også finnøybuen vil koma til Vikevåg når det blir kjekke aktivitetar i kulturhuset igjen.

På årsmøtet i Kulturhuset Meieriet kom det inn mange nye i styret, og styret ser nå slik ut:

David Lilleheim, leiar

Krister Hummervoll (ny)

Andreas Kjølleberg (ny)

Arild Nordbø Nådland (ny)

Linn Beate Austbø

Kjell Bjarte Sel (ny)

Knut Hausken

Kent Andre Hausken (ny)