Skøyta «Margit» har vore med på mykje, alt frå sildafiske til filminnspeling. Terje Bergsagel er stolt eigar av den 43 fot store båten|«Margit» er bygd i Uddevalla i 1907, og er ei få skøyter bygd i jern.|God utsikt frå styrhuset.|Verktøyet på veggene avslører at eigaren er ein som likar å ha orden i «sysakene».| Maskinen er Terje Bergsagels stolthet. Det er ein Union frå 50-talet, og godlyden frå dunkinga når motoren er i gang, kan høyrast lang veg.

ÅMØY: Ved kaien på Vestre Åmøy ligg ei flott, blåmalt skøyte. Ein skikkeleg veteran, bygd i jern  i Uddevalla i 1907.,

Eigaren, Terje Bergsagel frå Austre Åmøy, viser stolt rundt på skøyta. Det er ikkje mange over 100 år gamle skøyter bygd i jern, for dei fleste blei bygde i tre. Men dette er ei av dei.

Det er ei skute som har vore med på litt av kvart: Sildafiske, brislingfiske, lofotfiske, bunkersbåt, turistbåt, filminnspeling og nå til slutt, på sine eldre dagar, velpleid feriebåt.

Rigga for seiling

Båten er til og med rigga med seil, og med vind i seila vinn ho raskt ein knop eller to i framdrift.  Men stoltheten om bord finn du viss du klatrar ned den bratte trappa til maskinrommet.

Der dunka 30 hestekrefter Union frå 50-talet.

Maskinen er Terje Bergsagels stolthet. Det er ein Union frå 50-talet, og godlyden frå dunkinga når motoren er i gang, kan høyrast lang veg. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Stempelslaga kling som musikk i øyrene på einkvar motorentusiast, og Terje Bergsagel er ikkje vanskeleg å be når med spør om å få sjå klenodiet. Motoren lyser i raudmåling frå topp til tå, og det skin i blankpussa messing. På veggen heng verktøyet på rekke og rad, sirleg ordna.

Går som ei klokke

-Den går som ei klokke, det har ikkje vore trøbbel med han i det heile, seier Bergsagel til Øyposten.

Motoren kan startast med gløding eller «sigarett», alt etter som.

God utsikt frå styrhuset. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Men det er meir å visa fram. I styrehuset er det laga til benk å sitja på, viss skipperen har reisefølge. Det var det kona som forlaga. I lugaren putrar ei gammal bysse, og det er innreidd med soveplassar og toalett der kor det ein gong var lasterom.

I golvet er lagt 4,5 kubikk med betong for å halda baugen nede.

Bergsagel jobbar på brannbåten «Vektaren», men i fritida er han både på kystkultursenteret på Engøyholmen og mannskap på veteranskipet «Rogaland».

-Eg likar å ha noko å skrua på, forklarer han.

God sjøbåt

Den 43 fot store skøyta fekk han fatt i Tjeldsund i Nordland for fem år sidan. Då hadde «Margit» gått med turistar på Lofotfiske. Etter å ha fått innføring i båtens finesser, sette han kursen sørover og kom heim til Åmøy etter 11 effektive dagar i sjøen.

-Ho er ein fantastisk sjøbåt, stødig og god, slår Bergsagel fast.

«Margit» er bygd i Uddevalla i 1907, og er ei få skøyter bygd i jern. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Skøyta var med under filminnspelinga av NRK-filmen «Atlantic Crossing», saman med dei to andre veteranskutene frå Rennesøy, «Peder W» og «Hulda».  Før det, då ho var ombygd som bunkersbåt, og gjekk med fyringsolje til drivhus både på Finnøy og på Ombo. Ei god stund, frå 1927 til 1949, var ho i Ole Landsnes frå Sjernarøy si eige. Ho var også heimehøyrande på Bru ei tid, eigd av Truls og Peder Hodne og Severin og Lars I. Bru.

Kjent syn i Ryfylke

-Det er mange innover på øyane og elles i Ryfylke som dreg kjensel på båten, og kjem og vil slå av ein prat. Det er veldig hyggeleg, seier Terje Bergsagel.

Han er også glad for at interessa for veteranskøyta blir delt av fleire i familien. Kona Liv, for eksempel, blir gjerne med på tur med «Margit», og er ikkje snauare enn ho kan gi ei god utgreiing om «Union'en» i maskinrommet.

Dessutan er borna og svigers også interessert. For ikkje lenge sidan tok sonen med seg ein heil gjeng frå Rennesøy, Randaberg og Finnøy og tøffa på rockekonsert med «Gunslingers» i Konserthuset i Stavanger.

Verktøyet på veggene avslører at eigaren er ein som likar å ha orden i «sysakene». Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Til sommaren har den yngre generasjon planar om å reisa opp Telemarkskanalen med skøyta. Blir det noko av, er planen at Terje Bergsagel og kona Liv skal gå med skøyta heim frå Sørlandet.

-Kor kjem navnet «Margit» frå?

-Det er kona til den forrige eigaren, og han var veldig glad for at me ville behalda navnet på henne vidare, opplyser Terje Bergsagel.