Tom Meyer i Rogaland Brann og Rednings ser fram til å ta den nye stasjonen på Judaberg i bruk.

FINNØY:

Laurdag skal ordførar Kari Nessa Nordtun klyppa snora og åpna den nye brannstasjonen på Judaberg. Den nye stasjonen blir eit løft for brannvernet i området, ifølge brannvesenet.,

Knallraude dører og store lyse og luftige lokaler er det som ventar brannvesenet på Finnøy.

-Det er som natt og dag i forhold til dagens lokalitetar, som er to slitne garasjar, seier sekssjonssjef Tom Meyer i Rogaland Brann og Redning til Øyposten.

Den nye brannstasjonen på Finnøy blir det siste tilskotet av ei rekke oppgraderingar som er gjort på stasjonsfronten i brannvesenet dei siste åra.

Åpning og dåp samtidig

-Stasjonen på Finnøy er bygd for framtida, og kan oppgraderast ytterlegare viss det er behov for det. Det blir ein moderne stasjon med gode forhold for brannmanskapa som tilfredstiller alle krav, seier Meyer.

Stasjonen blir ikkje heilt klar innvending til åpninga laurdag, noko som betyr at brannbilen og følgebilen ikkje flyttar inn ganske ennå. Først skal alt vera på plass og heile stasjonen skal vaskast.

Men opning blir det, og samtidig blir det også opning av den nye ambulansesentralen som ligg vegg i vegg på Faa Brygge. Dessutan vil det blir høgtidleg dåp av den nye ambulansebåten «Rygermedic», noko som også fell i ordføraren sitt lodd.

Det betyr at både helse- og brannvern er samla på ein plass på Judaberg, noko Meyer meiner er ein stor fordel.

Utrykning frå same plass

- Dessutan ligg stasjonen strategisk plassert nær sjukeheimen, Judaberg sentrum og ambulansebåten. Viss det er behov, kan ambulansebåten raskt frakta brannmannskap til øyane, seier han.

Den nye brannstasjonen vil bli utstyrt med garderober både for kvinner og menn, og vil ha eit stort og lyst opphaldsrom med kjøkken kor det vil bli mulig med «debriefing» etter oppdrag.  Dessutan blir det klare skilje mellom «skitne» og «reine» soner. Brannvesenet skal også utstyra trimnrommet i ambulansesentralen, som vil kunna nyttast av mannskap frå begge stasjonane.

-Dette  blir den mest moderne deltidsstasjonen til Rogaland Brann og Redning, og ein stasjon kor det ikkje skal lukta røyk etter oppdrag, seier Tom Meyer, som trur den nye stasjonen kan frista fleire til å bli med som deltidstilsett i brannvernet på Finnøy. Brannstasjonen har i dag 16 tilsette på deltid.

Bilettekst:

-Dette blir den mest moderne deltidsstasjonen til Rogaland Brann og Redning, seier Tom Meyer, seksonssjef i Rogaland Brann og Redning om den nye stasjonen på Judaberg. (Begge foto: Rune Nedrebø)

Halvard Bøe i BB Elktro er travelt opptatt med å montera brannsvarslarar i den nye brannstasjonen.