Kai Petter Flesjå på Finnøy er godt nøgd med hjortejakta. - Alt har gått fint føre seg så langt.

FINNØY:

Så langt er det felt to bukkar, ei kolle, to kalvar og to spissbukkar. For å oppnå fellingskvoten er det framleis ei kolle og seks kalvar igjen.,

- Mitt inntrykk er at hjortebestanden på Finnøy har auka. I fjor blei det gitt fellingsløyve på til saman ti dyr, medan talet i år er 14.

Det opplyser Kai Petter Flesjå som er leiar av jaktvaldet.

Dei fleste dyra har blitt skotne på strekninga mellom Kvitevika og Mjølsnes, opplyser leiaren.

- Kalvane som er igjen kan blitt verre å få has på. Dei held seg tett inntil mora, og då må ein vera ekstra forsiktig så ein ikkje skyt eller skadar kolla. Men eg håper heile kvoten blir teken til fristen, seier Flesjå.