Skodelystne samla seg rundt den spesialbygde fiskebilen hans, mange mest for å få med seg «showet»,

- Eg har seld sild sidan eg var seks år, det er lidenskapen min. Å tilfredsstilla lidenskapen er viktigare enn å tilfredstilla mammon, proklamerer Mørck med stor innleving, i det han pakkar spekesild og røykelaks i posar.

- Skal du berre ha eit glas sild, eg legg på eit til så blir det akkurat ein hundrelapp, me klattar ikkje med mindre. Kunden, Jesey Lahoy, ler og betalar.

- Det eg tener i dag i dag er akkurat nok til lakken på rorkulten, det blir ikkje meir enn det. Det var ander tider då eg jobba for sjeiken i Qatar og tente millionvis. Mor mi var litt fortvila den gong for ho sa alltid: Arvid, det nyttar ikkje uansett kor mykje du tener, du øyer meir enn ein hest kan dra.

Slik held «Sildakongen» det gåande med morosame slåser ifrå heile verda og litt sal innimellom, til stor glede for folket som hadde teke oppstilling rundt salsborda hans. Utan tvil eit uventa og forfriskande innslag i helgehandelen.