Magnhild Meltevit Kleppa med teikninga av seg sjølv som ho fekk på Ryfylketinget.

Torsdag blei Ryfast-dronning og avgått Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa heidra på årets Ryfylketing.

Rådsleiar Bjørn Laugaland og Strand ordførar Irene Heng Lauvsnes trakk fram den enorme innsatsen ho har lagt ned i så mange år både på lokalt, regionalt og nasjonalt, og særleg det kunststykket at ho fekk realisert Ryfylke sin nyopna fastlandsforbindelse.

I gåve fekk Magnhild eit bilete av seg sjølv frå åpningsdagen for Ryfast utført av Morten Samuelsen. I takketalen trakk ho mellom anna fram Nils Viga Hausken sitt innlegg på Facebook der det vart poengtert at det kun var dronningane Margrethe, Sonja og Magnhild som nyttar sydvest i slike høgtidelige høve.

Den heidra sjølv, la ut denne helsinga på facebook:

Det kom fullstendig overraskande på meg at Bjørn Laugaland, ordførar i Hjelmeland, og Irene Heng Lauvsnes, ordførar i Strand, overrekte denne kolteikninga!

,Takk til kunstnaren! Eg har jo høyrt deg syngja, men visste ikkje at du også kunne teikna!,Tusen takk til Ryfylketinget! Det har vore eit privilegium å representera Senterpartiet på Stortinget og i regjeringa i 20 år. Eg har verkeleg kjent lokal og regional tverrpolitisk støtte når det har røynt på.,Ryfylketunnelen er opna, Ryfylke rykkjer fram!, skriv Magnhild Meltveit Kleppa