No ynskjer 63-år gamle Andreas Hesby å overlate gardsdrifta til eldstesonen og sambuaren, medan den andre sonen skal ta over drifta av Hesby Auto. I den samanheng ynskjer dei å skilje ut verkstadverksemda og eit bustadhus, medan hovudbygningen og driftsbygningen skal inngå i landbrukseigedomen. Problemet er berre at Hesby Auto, som den einaste autoriserte bilverkstaden på Finnøy, ligg i eit gardstun og i eit såkalla kjerneområde for landbruk, (LNF-område) .Då vender både administrasjonen i Finnøy kommune og Fylkemannen tommelen ned til ei slik oppdeling.,I Forvaltningsstyret onsdag i denne veka, derimot, vedtok eit samrøystes politikarkollegium å støtta ei slik oppdeling , med unntak av bustadhuset som skal inngå i landbrukseigedomen. -Det brenn eit blått lys for både ei godkjenning hjå Fylkesmannen, og ikkje minst hjå Hesby Auto. Difor må me gjera dette grepet i håp om at også fylkesmannsembetet ser verdien av i å ta vare på denne viktig bedrifta for Finnøy, sa ein alvorstynga leiar av Forvaltningsstyre, Olav Halsne frå Kr.F.,

-Alle har vel byrja i det små,

-Det er vel slik med dei fleste bedrifter av dette slaget, enten dei i dag ligg i Finnøy, Rennesøy eller på Jæren, at nokon har byrja i det små. Då ofte også heime på gardsbruka. Mange plasser har forholda lege slik til rette at ein har hatt moglegheiter for å etablera seg på næringsområde andre plasser i kommunen når ein har ekspandert, seier Andreas.,- Slik var det ikkje på Finnøy, som heile tida mens far min har drive på har mangla næringsareal, seier sonen Espen. Han skal etter planen ta over heile verksemda som sorterer under Hesby Auto, etter far sin.,

-Far har bygd ut steg for steg , og lenge utnytta me også eit par større reiskapshus og bygningar som var på garden. Dette gjorde han for å byggja stein på stein i forhold til kva økonomiske ressursar han hadde å setja inn.Og det er må jo vera ein fornuftig måte å byggja opp ei bedrift på, tenkjer eg.

-Nye krav både til HMS og sertifisering gjorde at me i 1994 også fekk autorisasjon som offisielt godkjent bilverkstad, og seinare har me etablert ei eiga avdeling for glas, karosseri og lakkering.

-Så du fryktar ikkje at om det til slutt får løyve til å skilja ifrå, og bli verande her, så ekspanderer det vidare utover eigedomsgrensene slik me har liknande parallellar til ,og på den måten utfordrar både dyrka jord og nabogrensene?

-Nei på ingen måte, smiler Espen, og forsikrar at ei eventuell utviding vil skje innafor dei opptrukne grensene slik det kjem fram i søknaden om frådeling, og idet vedtaket som politikarane i Forvaltningsstyret gjorde no på onsdag.

Espen påpeikar også at det aldri har vore klager frå naboar i samband med støy og trafikk, og forsikrar at ei aktiv landbruksdrift har levd side ved side med verkstaddrifta i over 30 år. -Eg trur heller det er motsett, at det er meir støy og plager frå ei moderne landbruksdrift i dag enn kva tilfelle er frå vår verkstaddrift, som også i all hovudsak held til innandørs.

,No set 35-åringen og småbarnsfaren fram til at fornufta skal sigra, slik han uttrykkjer det, og at byråkratane ser verdien av at to unge brør og to småbarnsfamiliar kan sikra seg eit solid levebrød, og ikkje minst ein trygg arbeidsplass. Då med gardstunet heime på Hesby som utgangspunkt.- Men eg trur også det er bra for alle, at han far og ho mor har valt å flytta ut til Steinnes, smiler Espen. Utan at han av den grunn indikerer at det er nokre utfordringar i dag knyta til at far og son har sitt daglege arbeid i verkstaden på Hesby.,-Nå er det på tida at ein ny generasjon får sleppa til, forsikrar Andreas før han igjen tek eit tak med å bytta hjul frå sommar- til vinterkøyring. Slike hjulskift har det blitt mange av opp gjennom åra for 63-åringen heime i gardstunet på Hesby.

Tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå