Banken ringte til fleire lokale idrettslag og foreiningar og inviterte til ein liten samankomst i kontora på Judaberg. Der venta overraskinga: Banken hadde ei gåve på 850.000 kroner som skal brukast til frivillig arbeid.

- Dei blei veldig overraska, men det er jo kjekt å kunne gi ei sånn gåve. Me er ein bank som vil bidra i lokalsamfunnet, seier banksjef Geir Asbjørn Saupstad.

Dei som fekk pengar er:

Finnøy Idrettslag: 500.000

Fogn Idrettslag: 100.000

Finnøy Historielag: 100.000

Finnøy Hagelag: 50.000

Finnøy Kristelege Ungdomslag: 50.000

Sjernarøy Idrettslag: 50.000

Pengane kjem frå eit fond som blei etablert i høve gamle Finnøy Sparebank sitt 150-årsjubileum i 2002. Banken fekk då pengegåver som blei sett i eit fond, og det er dette fondet som no blir tømt.

- Desse mottakarane har ikkje søkt om pengar. Det er me i banken som har plukka dei ut. Me har tenkt på lag og foreiningar som famnar mange og me har prioritert arbeid for barn og unge, seier Saupstad, som fortel at det tidligare berre har vore gjort ei utdeling frå fondet, eit beløp på 100.000 i 2006.