Torjus Halsne og Jarle Sigbjørn R. Eike - to viktige spelarar for FIL. Foto: Edd Meby|

-Me kan, me vil – men me får det ikkje heilt til, ler FIL-trenaren på ei litt sprukken telefonlinje frå Kroatia, der han har vore på ferie denne veka.,

Måndag er det heimekamp mot Verdeneset2, etter 4-5 borte mot Buøy sist veke. Ein merkeleg kamp, der Finnøy hadde leiinga 2-0, score fire og tapte.

-Det var absolutt ting å gleda seg over i den kampen. Innsatsen var svært god. Me gjekk til i taklingane og gjorde det vanskeleg for Buøy. Og me skapte masse sjansar.

-Men…?

-Me gjer ein del personlege feil og det blir me hardt straffa for. Dessutan er det litt vanskeleg å opptre godt som lag når me må skifta ut mange spelarar til kvar einaste kamp.

Vardeneset 2 er nummer 7 på tabellen i avdeling 3, med sine 22 poeng på 15 kampar. Finnøy har 11 på 15 kampar. Laget slo Madla 2 med 2-1 heime 23. september. Til denne klampen er spelarar som anders Eike, Roar Haug, Sander Idsøe og Sylwester Kowalski tilbake igjen, medan Jarle Sigbjørn R. Eeike, Martin Østhus og Ianis Kovacs er ute med karantene. Sturle Guttormsen har hatt treningane denne veke, og tek ut laget, men Flesjå-Johansen har trua:

-Det blir ein tøff kamp, men me kan vinna.