Og då er det aldri godt å seia kva som skjer når Fogn i kveld møter Skjold i Rogalandscupen på gresset på Fogn stadion. Sjølv om det er 7. divisjon mot 4. divisjon. David mot Goliat. Kattens lek med en død mus. Og så vidare….,

Sjå berre kva som skjedde i fjor, då heimelaget banka storebror Finnøy i straffesparkkonkurransen, og gjekk vidare i den same cupen.

Sidan det er tre divisjonar mellom dei to laga, startar kampen i kveld med at Fogn får tre straffespark. Det er med andre ord viktig å møte presis dersom ein ynskjer å få med seg heile dramaet på Fogn stadion, og dei mørkeblå vil nok setta pris på å bli heia fram i ein vanskeleg kamp mot sterk motstand frå Haugalandet.