Kommunestyret godkjende 17. juni 2019 detaljreguleringsplanen for Reilstad, noko som fekk fleire til å reagere. Både mot planar om bustadbygging, bygging i strandsonen, bygging på dyrka mark og det nokon meiner er ei rasering av Badevika.,

Det kom inn følgjande klager:

1.Jan Edvardsen datert 03.07.2019, førebels klage utan grunngjeving

2.Tor Haver datert 29.07.2019 (Badevikvegen 6), supplert med brev datert 16.08.2019

3.Jannik Krogh og Audun Visted, (Reilstadvegen 45) datert 25.07.2019

4.Ingjerd Anda Brigg (Djupevikvegen 13), datert 27.07.2019, supplert med brev frå advokat Erik Mauritzen datert 21.08.2019

5.Rannveig Reilstad, Reilstadvegen 60, datert 30.07.2019

6.Rune Freyer, datert 13.08.2019

Klagene blir lagt fram for Forvaltningsstyret for vurdering av om dei inneheld nye moment som tilseier at kommunestyret sitt vedtak bør endrast, eller om klagene skal sendast fylkesmannen for handsaming.

Kommunen sin saksbehandlar skriv at «spørsmålet om det skal leggjast til rette for bustadbygging i Reilstadområdet, er i hovudsak avgjort i kommuneplanen. Fylkesmannen skal i planprosessen sjå til at nasjonale føringar for arealbruk blir ivareteke (m.a. strandsonevern og landbruksinteresser). Når landbruksjord blir omdisponert, skal det sikrast ei god utnytting av arealet. Fylkesmannen har akseptert planen slik den no ligg føre. Reguleringsplanen følgjer i all hovudsak opp kommuneplanen sine føringar. Dette gjeld både bustadområdet og småbåthamna. Planen har ei rekkje krav som gjeld infrastruktur og det er lagt vekt på at mjuke trafikkantar ikkje treng å følgje køyrevegar».

«Med unnatak av at administrasjonen tilrår at heile gnr.4/bnr.96 blir tatt ut av planen, ser vi ikkje at klagene tar opp moment som tilseier at planen bør endrast», skriv rådmannen i si innstilling.