Rebecka Bø Rolfsen

Ho går i 2. klasse på Kongsgård vidaregåande skule. Sidan skulestart i fjor august har ho saman med to andre skulevenninner, og 5-10 faste pendlarar, reist til byen med pendlarbåten. Men no er det slutt.,

- Eg hadde allereie vurdert å flytta til byen, sånn litt lausleg. Men det blei berre med tanken, heilt til pendlarbåten klokka 06.20 til Stavanger forsvann ved nyttårsskiftet. Då var eg ikkje lenger i tvil. Det var dråpen som fekk begeret til å flyte over.

- Det blir mykje venting både før -og etter skuletid. Kvar morgon kjem me til byen klokka 0700 og skulen byrjar ikkje før klokka 0815. På ettermiddagstid må me venta mellom éin og to timar, det kjem litt an på dagane for skulen sluttar til ulike tider. I løpet av ei veke er det ganske mange timar som går bort i venting. Eg har faktisk rekna ut at det blir rundt 10 timar kvar veke, utanom sjølve reisetida, den kjem i tillegg.