Bonde Morten Ullenes på Rennesøy reknar også med å måtta kutta produksjonen.

-Eg håpar no verkeleg at folk flest her i landet ser verdien av å ha eit sterkt norsk landbruk, og at me bønder endeleg kan bli verdsett, seier det frittalande rennesøybuen med adresse Østhusvik.,For snart eitt år sidan innvia han det nye storfjøset sitt der han skal produsere om lag 600 tonn mjølk i året. Difor blei han svært glad då han nyleg fekk kontrabeskjed om at mjølkebøndene, etter først å fått melding om at dei måtte redusera produksjonen med 2-4 prosent, no igjen får auka produksjonen opp på minst det same nivået som i 2019.,-I mitt tilfelle utgjer dette 25000-30000 liter, og det viser jo positivt igjen på botnlinja, seier ein tilfreds østhusvikbonde. Han meiner særleg at den reduserte grensehandelen over til Sverige, no verkeleg viser igjen når det gjeld forbruket av norske mjølk- og mjølkeprodukter. -For ein skal vera klar over at det er det er store befolkningsgrupper, særleg i austlandsområdet, som jamleg reiser over grensa til Sverige for å handla matvarer. Og no går vel ikkje danskebåten heller lengr, legg Morten til.,-

Men 50-60 mjølkekyr som skal mjølkast, 400 storfè som skal fôrast dagleg, og ikkje minst 550 sauer som skal lamma i desse dagar, så er du vel heilt avhengig av leigehjelp?

-Ja, eg er heilt klart det. Til vanleg har eg to rumenske arbeidarar fast som arbeider her. No har det blitt ein del problem med å få desse til landet. Difor har eg hatt god hjelp av både familie og andre her lokalt. Så det går nå rundt på ein måte.

Men eg håpar jo at det vil vera mogeleg å få dei utanlandske arbeidarane tilbake igjen frå Romania om ikkje så alt for lenge. For dei er eg verkeleg tilfreds med å ha i arbeid. Men enn så lenge så er denne situasjonen i alle fall dette ein solid vekkjar for norsk ungdom, som no ser at også dei må ta i eit tak for å få hjula til å gå rundt i tider som dette, og at ting ikkje berre går av seg sjølv. Og kanskje aller mest, og det er det viktigaste slik eg ser det;

-No må vel snart desse miljøfanatikarane i både MDG og Venstre og organisasjonen EAT, som meiner at det er landbruket  og beitande dyr og sauer som er årsaka til klimakrisa, og er dei største miljøverstingane, også endeleg sjå at dette er fullstendig feil og total skivebom. Så slik sett kan det koma noko godt utav dette, slår Morten fast.