-Den endelege avgjerdsla vil me rett nok ikkje ta før dei meir detaljerte retningslinjene kjem nå på torsdag, opplyser dagleg leiar og butikksjef ved Joker Skartveit, Anita Ørnes.,

-Men med maksimum 500 deltakarar på eit slikt arrangement som dette, så seier det vel seg sjølv at det ikkje går. For større ambisjonar enn dette bør det vel ha?

-Ja, det er nok heilt rett det. Og dei siste åra har me også hatt meir enn det doble av besøkjande denne dagen, smiler Anita. For trass i ei uvanleg stille påskehelg, der både hytteforbudet og anbefalingar om å avgrensa trafikken inn til dei ikkje landfaste øyane i tidlegare Finnøy kommune var hovedgrunnen, ser Anita likevel no litt lysare på tilværet for den populære gjestehavna og butikken i Skartveitvågen.

- I det fine været i sist veke, var det mange som hadde heimekontoret sitt på hytta, men der også andre permitterte blei verande igjen på hytta eller i båten sin i gjestehamna. Det har vist veldig godt igjen i kassa etter omsetningssvikten i påskehelga og den første perioden etter at myndigheitene byrja å stengja ned det meste, forklarar Ørnes.,-Og no ser me at båtar kjem inn til gjestehamna og blir liggjande, gjerne i fleire dagar, og at det er folk i hyttene rundt omkring. Så i det perspektivet ser eg i dag langt lysare på situasjonen, og trur at sjølv om Skartveitdagen ryk, så vil aukande lokalturisme både i helger og ferien framover faktisk føra til at mykje av det økonomiske tapet tidlegare i vår kan kompenserast. For i den nærmaste framtid både må og vil folk feriera i Norge på grunn av koronapandemien, slår Anita fast.

- Uvissa er det verste

I 50 år har den årlege Fiskefestivalen i Aubøsund i Sjernarøy vore avvikla i regi av Sjernarøy Maritim og primus motor Fridtjov Furre. -Eg ser per i dag ikkje noko vits i å arrangera ein begrensa fiskekonkurransen på dagtid,all den tid det er artistane og arrangementet på kvelden som trekkjer folk og genererer inntekter, slår Furre fast.

Også Fridtjov har merka seg ei betydeleg aukande interesse for feriebooking på dei mange utleigehyttene som "Furre Hytter" disponerer. Men utfordringa her er at mange av dei alt er bestilt bort til tyske fisketuristar, eller hobbyfiskarar frå andre europeiske land som årleg kjem på fiskeferie til Sjernarøy. -Når då grensene for innreise til Norge i praksis er stengt, og at dei i beste fall må i 14 dagar karantene både her i landet og når dei kjem tilbake til heimlandet på grunn av smittefaren, seier det seg sjølv at dette er ei utfordring når dei heller ikkje avbestiller, forklarar Fridtjov.,-Difor skulle me svært gjerne fått ei avklaring, og ein eventuell dato for når grensen igjen blir opna. For no står norske turistar nærmast i kø for å bestille sommarferien sin her i Sjernarøy, og eg kan ikkje lova dei nokon ting fordi alt er så usikkert.Og same kven eg tek kontakt med i kommunen får eg ikkje noko svar. Så eg blir vel kanskje nøydd for å ringa helseminster Høye til slutt for å få eit svar, avsluttar han Fridtjov. Like engasjert som for 50 år sidan då den første Fiskefestivalen i Sjernarøy vart avvikla.