Tor Bernhard Harestad er mildt sagt klar for at dei gamle supplyskipa skal fjernes frå kaia ved Bru. Når enn det måtte vera.

RENNESØY

: Tidleg i desember kunne Tor Bernhard Harestad fortelle at det eine skipet som ligg "forlatt" på Bru, mest sannsynleg kunne vera vekke før jul.,

Den 3. januar ligg dei der ennå, men:

– Det er i alle fall noko som er i gang, dei har vore å sett opp luker og begynt å lufte, slik at det er mogleg å vera der inne og sveise for å låse ror og akslinger. Det må gjeras før sleping. Eg veit dei også har forespørsel til ein lokal her om å utføra dette arbeidet, fortel Harestad til Øyposten mandag ettermiddag.

https://www.oyposten.no/2021/12/09/rustholkane-pa-bru-den-eine-vekke-for-jul/

Framleis ved kaia

Det er skipet «Sea Safety» som eigentleg nå er lova at skal hentes, etter at det blei seld av tidlegare eigar Varanger Seafood.

–  Det ser ut til at det kan bli framgang i midten av denne månaden kanskje. Eg er sjølv i kontakt med dei som kjøpte skipet, så det har eg tru på at kan skje.

Dei to supplyskipa har ligge i opplag ved kaia i Bru i fleire år. Fredrik Hauge og Bellona var på synfaring i sommar, og meinte det ikkje var usannsynleg at det kunne opptil 100 tonn diesel- og hydraulikkolje, pluss anna miljøavfall, i desse skipa.

– Men eg trur det ikkje heilt før eg ser begge skipa forsvinne. Eg har slutta å tru på julenissen, i dette tilfellet kommunen, spøker Harestad.

– Eg kjem uansett ikkje til å gje meg før dei begge er vekke, eg orker ikkje høyre på det bråket frå skipa kvar natt.

https://www.oyposten.no/2021/10/03/harestad-vil-om-nodvendig-ga-til-retten-for-a-fa-fjerna-skipa/