Travle dagar i juletreskogen til Eirik Linndal på Finnøy.

FINNØY:

-Ja, det er to travle veker, seier Eirik Linndal til Øyposten. Trea må fellast alt nå, for å vera klar til på bli distribuert rundt omkring i landet. For juletre frå juletreskogen på Finnøy kan havna i stover til både fjern og nær. Trea blir selde gjennom organisasjonen Norsk Juletreservice.,

Søndag kveld var han travelt opptatt med å hausta og pakka juletre av typen edelgran.

Eirik Linndal har 30.000-40.000 juletre på garden, og er den yngste i bransjen på øya.

-Viss det ikkje skjer ei fornying kan det bli mangel på norske juletre i framtida, seier han.

-Korleis er marknaden?

-Det var ein oppgang i etterspørsel etter norske juletre i fjor. Folk vil ha kortreist og ekte vare, ikkje bare ein oljebusk, seier Linndal.

Juletreproduksjonen er den viktigaste inntektskjelda på garden, og Linndal tenkjer juletre meir eller mindre heile året. For fine juletre krev innsats.

Det må ryddast i plantefelta, kvart tre må friserast, skot må nappast og greiner må fjernast for at det skal vera plass til julegåvende under treet, for å nemna noko.

-Vanlegvis pleier me vera tre personar når me haustar juletrea, men det har vore vanskeleg å få tak i folk i år, legg han til.

Til helga reknar han med at alle 3000 juletrea er hausta og pakka, og sende bort frå Finnøy. Då kan Linndal konsentra seg om heimesalg.

-Det kan vera hektisk det og, men det er den koselege biten av jobben, tykkjer Eirik Linndal.