Doktor Eivind meiner det er ei samfunnsplikt å la seg vaksinera. På den måten har me sjans å halda fram med den låge smitten i Finnøy. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Her inne på øyane har livet stort sett gått som normalt, og vi har i praksis vore koronafrie så langt.,

Dette endrar seg nå. For det første bankar smitten på  døra vår  som aldri før. For det andre er det kome ei tilråding frå i dag av som legg eit knugande band om ein av dei viktigaste sosiale verdiane vi har i lokalsamfunnet.

Aldri tidlegare har det vore «forbod»  mot å stikka inn i døra til naboen, ta ein kopp kaffi  med nære vener eller  ha ein hyggekveld med nokre få kjende. Dei fleste av oss har  ikkje vore særleg  påverka  av restriksjonar på barar og restauranter, treningssentra og festar.

Men det uformelle sosiale liv i kvardagen mellom  sambygdingar  i god drøs, blir det nå slutt på  fram til 18. januar. Rett nok er dette bare ei tilråding, og det vankar korkje  mulkt eller fengsel dersom regelen blir brutt.  Men den sosiale kontrollen er der likevel. Skulle det brått koma eit lokalt utbrudd så «nåde den» som ikkje har tatt dette  så nøye.

Bra med nokre unnatak. Barn frå same klassekohort  eller barnehage kan framleis vera saman  i privat heim. Nære kan vitja sine som er i livets siste fase, og dei som bur aleine kan få vitjing av opptil to faste personar.

Men sosial nedstenging av uformelle fysiske møter er ei påkjenning  for mange av oss. Vi får bare vona at dette  ikkje blir forlenga utover  14 dagar. I mellomtida får  vi syna ansvar for dei aleinebuande som treng vitjing, og møtast ute ( med avstand) til turgåing og anna. Telefon og digitale møter blir sjølvsagt viktigare enn nokon gong. Men ikkje alle eldre har digital tilgang.

Sjølv om vaksiner  er på veg, vil det gå lang tid før dei hindrar smittespreiing. Restriksjonar må vi diverre leva med lenge endå.

Godt nyttår likevel !

Finnøy 4. januar 2021

Eivind Vestbø