Tannlegeassistent Hege Skogland (t.v.) og tannlege Ivana Bera-Petrovic får halda fram i Vikevåg. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Fylkesutvalet vedtok denne veka å utsetja planen for tannklinikkane i Rogaland. Det opphavlege forslaget gjekk ut på at tannklinikken i Rennesøy skulle slåast saman med tannklinikken i Randaberg.,

Bakgrunnen var mellom anna at leigeavtalen med Stavanger kommune i kommunehuset i Vikevåg var oppsagt.  Men etter forslag frå styreleiar Tore Nordtun i Tannhelse Rogaland blei det i staden bestemt at Tannhelse Rogaland skulle gå i dialog med Stavanger kommune om mulighetene til å forlenga leigeavtalen.

Denne veka var saka oppe i fylkesutvalet, og etter forslag frå Solveig Ege Tengesdal blei det der bestemt at klinikkplanen nå skal sendast ut på høyring til kommunane.

-Me vil sikra oss at det me bestemmer er godt forankra politisk. Det var ikkje tilfelle sist klinikkplanen var oppe, då fylket delegerte ansvaret til styret i Tannhelse Rogaland, seier Solveig Ege Tengesdal.

Den forrige klinkkplanen førte til mykje bråk, og det er dette fylkespolitikarane nå prøver å unngå.

Klinikkplanen kjem nå venteleg ikkje opp til politisk behandling i fylket før utpå nyåret ein gong.