FINNØY: Kor mange lokale kandidatar i Finnøy eller Rennesøy som er foreslått, er ikkje kjent, men etter det Øyposten veit om så står det  i alle fall to navn frå øyane på lista: Eit tun på Finnøy og eit på Nord-Hidle. Finnøy-tunet tilhøyrer Oalug Ladstein og Geir Åge Brandeggen, mens tunet på Nord-Hidle er det Terjer Hidle som eig. Det er Jonas Jørstad som har foreslått tunet til Terjer Hidle, medan Astrid Hakestad Throndsen har foreslått tunet til Ladstein og Brandeggen.,

Hakestad Throndsen grunngjevsitt forslag slik:

"Mitt framlegg er gardstunet til Olaug Ladstein  og Geir Åge Brandeggen mot vest på Finnøy, nær ved middelalderkyrkja på Hesby.

I kårhuset bur Eli og Kolbjørn Ladstein. Adresse er Hesbyvegen 96. 150 års historie, 5 hus,velstelt og vakkert med blomar og tuntre, samt drivhus.

Eit av barnebarna som bur på garden, Nora Elise er kalla opp etter oldemor Nora Elisa som først budde i kårhuset. Så nært kjem historia når ein vitjar tunet med den 114 år gamle almen til dekorasjon og idyll mellom alle husa som er godt tekne vare på.

Tunet ber preg av at Kolbjørn er gartnar. Husa ber preg av at Eli samlar på gamle ting, men "stiller ut " akkurat passe. Fornya tomatproduksjon fører tre generasjor vidare på dette tunet akkurat no, men tilbake i tid ser ein spor av to generasjonar til.

Av tuntreet som blei erstatta i 1906, er det laga kubbastolar.  Kolbjørn sin bestefar som i 1916 bygde verkstaden ,var tømrar og byggmeister og laga møblar og rugemaskiner her i tillegg til oppdrag i bygda . Verkstaden er framleis i bruk  med sirkelsag og dreiebenk på plass.

Kårhuset frå 1872 har enno eit småsprossa vindauga intakt. Huset er fint å bu i , oppgradert på alle vis , nye vindaugo og vannboren varme, men framleis "Gamlahuset" i stil og som ramme om tunet.

Bustadhus nr 2 er bygd i 1936 . På garden står eldhuset frå 1919 med skifertak . Huset har kombinert stabbur  med handlaga sprosser på vindaugo. Eit nyttig hus til mange føremål på ein gard. Veldig kjekt ved tilbereiing av fisk og grillparty .

I 1920 var ny løe ferdig.   929 starta garden med kaldhus tomatproduksjon. Far og bestefar til Kolbjørn starta allereie året etter at den første bonden på Finnøy starta opp.Tidleg på 30-talet gjekk dei over til oppvarming av drivhus. I 1975 tok Kolbjørn over  og framleis har Olaug og Geir Åge full produkjson, men no som attåtnæring til annan jobb", skriv Astrid Hakestad Throndsen i forslaget sitt til kommunen.

Jonas Jørstad skriv i si grunngjeving at gardstunet til Terjer Hidle på "Nordra Hidle" er eit "idyllisk og velholdt gardstun, der flere gardsbygninger er restaurert og oppusset, og blir brukt til matservering, kurs og konferanser".