FINNØY-RENNESØY:

-Sjølve lokaliseringa og den praktiske gjennomføringa av massevaksineringa mot Covid 19 i Finnøy og Rennesøy er enno ikkje heilt klart. Men me arbeider aktivt med saka for å vera heilt klar når tilførselen av vaksinedosar er stor nok, opplyser smittevernoverlege Ruth Midtgarden i Stavanger kommune.,

Smittevernoverlege Midtgarden opplyser vidare at arbeidet med å vaksinera bebuarane på både Rennesøy helse og omsorgssenter og sjukeheimen på Finnøy er godt i gang, og at første runde av vaksineringa vil vera gjennomført på alle sjukeheimane og omsorgssentera i kommunen i løpet av denne og neste veke.

Dei over 85 først

-I den vidare vaksinasjonsprosessen vil det vera fastlegane som skal ha ansvaret for gjennomføringa på folk i risikogruppa, og på dei over 85 år i første omgang. Deretter er det gruppene 75-85 år og 65-75 år som vil få tilbod om vaksinering.

-Kva då med tidspunktet og den praktiske gjennomføringa av massevaksineringa?

-Det vil vera heilt avhengig av både tilgangen på vaksinedosar og når dei eventuelt kjem. Men førebuingsarbeidet er godt i gang når det gjeld den praktiske gjennomføringa av dette både i Finnøy og Rennesøy kommunedel og elles. For dette er eit stort og omfattande arbeid ,der mykje skal på plass i forkant. Men eg ynskjer ikkje på det nåverande tidspunkt å gå ut med kor dette skal skje i Finnøy og Rennesøy, og i kva form, Til det er det for mykje som er uklart enno, understrekar ho.

Fleirbrukshallen og Mastrahallen

Ifølge av avisa Strandbuen har Strand kommune inngått avtale om å leiga første etasje i Tau aktiviteshus til massevaksineringa der. Her skal alle i kommunen få den etterlengta vaksina mot koronavirus.

I Finnøy er det Fleirbrukshallen som er det største lokalet tilgjengeleg, og i Rennesøy er mellom anna Mastrahallen godt eigna. Korleis opplegget blir er førebels ikkje avgjort, mog det er mykje som må planleggjast. Det må vera parkeringsplassar nok, og det må vera mulig å halda nødvendig avstand mens folk ventar på vaksinen.