Full aktivitet i steinbrotet på Gangenes på Rennesøy. Men June Eike i Rennesøy Stein reknar med at det nye steinbrotet på Dalåker vil overta med tida.

RENNESØY

: -Me er sjølvsagt glad for dette, det betyr at me kan planleggja for framtida, seier dagleg leiar i Rennesøy Stein, June Eike til Øyposten. Ho fylgde spent med på avstemninga i kommunestyret.,

Ifølge Eike står det likevel igjen ein del "papirarbeid" før alt er klappa og klart. Mellom anna må det søkjast om konsesjon for det nye steinbrotet.

-Men det reknar me med skal gå greitt, etter at reguleringsplanen nå er godkjent, seier Eike.

Rennesøy Stein med sine seks ansatte har konsesjon i det nåverande området på Gangenes, på andre sida av Rennesøy, i tre år til. Men Eike reknar med det kan bli litt lenger drift her i ein overgangsfase til det nye steinbrotet er i gang.

Reguleringsplanen for det 20 dekar store området på Dalåker blei enstemmig godkjent i kommunestyret mandag.

Einaste som vekte litt diskusjon var eit tilleggsforslag frå Ap om å ha som forutsetning at det blir anlagt fartsdump i Østhusvikveien vest for krysset mot Dalåkerveien, og at 50-sona blir utvida til aust for steinbrotet.

Dette var både Frp, Fnb og Christian Wedler pluss Krf sine tre representantar mot, av frykt for at dette kunne laga kjelkar i vegen for det nye steinbrotet. Men fleirtalet la meir vekt på at dette var ein skuleveg, og vedtok forslaget.

Elles var det tilsynelatande unison enighet om at det nye steinbrotet er bra for Rennesøy.

John Peter Hernes (h) poengterte at det er bra med byggematerialer som varer "steinlenge". Og sjølv om virksomhet av denne typen etter hans oppfatning er å rekna som gruvedrift, som han kalla ein miljøversting, så tel det meir at dette er ei tilleggsnæring til landbruket og at området skal omgjerast til landbruksområde igjen når virksomheten ein gong er slutt.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken viste til at stein frå Rennesøy har pynta opp mange stader, mellom anna i Ryfast.

-Men det er begrensa kor lenge virksomheten kan halda fram på Gangenes. Dette er ei stor og viktig nøring som nå blir sikra råstoff i mange år framover. Det er ei ønska næring av mange i Rennesøy, sa Sunnanå Hausken mellom anna.

Rennesøy Stein har hatt steinbrot på Dalåker lenge, og brotet er eigd med halvparten kvar av  Kurt og Joar Gangenes. I fjor omsette bedrifta for rundt 15 millionar kroner, som var eit år prega av korona og minka etterspørsel.

-Men me håpar det vil ta seg opp igjen, og har store forhåpningar til å kunna få levera stein til Rogfast, seier June Eike, som har jobba som dagleg leiar i firmaet sidan 2015. Før det dreiv ho og mannen Jakob gard på Bjergøy i Sjernarøyane, før dei fekk tilbod om å overta gartneriet heime hos henne på Østhusvik.

-Det var etter mor blei plutseleg sjuk. Då fekk me ein dag telefon mens me var i fjøset om me ville overta. "Gje oss to timar til å tenkja oss om", og resultatet blei at me overtok, seier ho om den vanskelege avgjera.

I dag har dottera overtatt heimplassen hennar, mens ho og mannen har kjøpt hus på Sørbø på Rennesøy.