Dei ukrainske flyktningane som kom med bussen frå Ingvars Reiser kom til Oslo tysdag. Omalg 25 av dei reiser vidare til Finnøy.|Rune Eritzland arrangerte turen mellom Polen og Norge. I formiddag forlot en del flyktninger bussen i Oslo for å være andre steder i landet. Det ble en vanskelig avskjed, for han og for flyktningene som forlot bussen.|Flyktningar som ikkje skulel vidare vinkar farvel til bussen.|Flyktningar frå Ukraina.

FINNØY:  Rundt 25 flyktningar er på bussen etter ein lang tur frå Krakow i Polen, skriv nettavisa Randaberg 24.,

Avisa melder også at den foreløpige endestasjonen for turen blir Utsyn misjonssenter på Finnøy.

Det var sterke følelsar i sving då flyktningane kom til Oslo. Foto: FOTO: Per Thime

Flyktningane frå Ukraina sette føtene på norsk jord i Oslo, etter 20 timar på båten mellom Kiel og Oslo.

Ved terminalen blei dei møtt av både politi og tollarar, Fleire hadde tatt seg noko av det kjæraste dei kunne heimanfrå, nemleg kjæledyra sine, noko begge instansar var varsla om.

Den ukrainske kvinnen møtte sivgersønnen i Oslo. Neste stopp for de to er Trondheim. Foto: FOTO: Per Thime

Både politi og tollarar gjorde jobben på en plettfri måte. Få spørsmål blei stilt, for papirer var på stell.

– Det var godt å sjå katten min igjen, for den var åleine i bussen i 20 timar. For meg er det familien min, det er den eg har nå, seier Nonna, etter å ha sett foten i land på norsk jord for aller første gong. Turen gjekk deretter vidare med bussen frå Oslo med kurs mot Finnøy.

Den første gruppa med flyktningar blei sett av ved Oslo S. Der tok dei ut det dei hadde med seg. Det var fort gjort, for mange har flykta frå 99 prosent av det dei eig. Ved jernbanestasjonen ble det sterkt, skriv Per Thime i Randaberg24.

Flyktningar som ikkje skulel vidare vinkar farvel til bussen. Foto: FOTO: Per Thime

Dei ukrainske flyktningane som skulle vidare visste korleis dei hadde det. Då dei forlet bussen var det med tårer og gråt. Dei var takknemlige for hjelpa frå arrangør Rune Eritzland og Ingvar og Silje Landa, skriv nettavisa.

– Eg er så takknemlig for at me har fått hjelp. Turen frå Krakow har gått bra, men det er mykje som skal fordøyast. Nå har eg møtt svigersønnen min som bur i Trondheim. Eg blei henta, sa ei kvinne mens ho tørka mange tårer. Det var ei sterk oppleving for henne og mange andre.

Denne kvinna måtte ta sitt vanskelegaste valg, og forlata ektemannen som er alvorleg sjuk i heimlandet Ukraina. Men den staden ho kjem er altfor farleg, fann ho ut, og fant at det beste trass alt var å flykta.

Rune Eritzland arrangerte turen mellom Polen og Norge. I formiddag forlot en del flyktninger bussen i Oslo for å være andre steder i landet. Det ble en vanskelig avskjed, for han og for flyktningene som forlot bussen. Foto: FOTO: Per Thime