Sein påske og fint vêr gjorde susen på gjestehavnene i Finnøy i påska. Foto: Anita Ørnes

FINNØY

: Varm og sein påske er suksessoppskrifta, skal me tru Anita Ørnes på Skartveit gjestehavn.,

Frå onsdag av var det fullt i gjestehavna på Skartveit. Det ga seg utslag i rekordomsetting både i butikken og på kafeen.

- Me har drive kafeen i 11 år, men omsettinga har aldri vore større enn i år. Tala i butikken er ikkje heilt klare ennå, men mykje tyder på at det er ny rekord også her, fortel Ørnes.

Skjærtorsdag og langfredag som var dei aller mest travle dagane.

- Me leverte ut i snitt 200 middagar kvar av desse dagane. Me tykte det var utruleg mykje folk på torsdag, men så kom fredagen med endå fleire. Komlemiddag på skjærtorsdag har vore ein tradisjon i alle år, så me veit at dette er ein populær dag i kafeen. Men at folk kjem reisande på dagstur frå Bergen for å eta komle, det må vel vera eit kvalitetsstempel, ler Ørnes.

Godt samarbeid

Oddfrid Nedrebø Gjertsen i Helgøysund har same erfaring.

-Dette var over forventning. Det var heilt fullt i havna fram til sundag, med god stemning, liv og røre gjennom heile påska. Med slike gode høgtider som denne legg me eit godt økonomisk grunnlag for resten av året. Sjølv om det er alle dei trufaste kundane gjennom heile året som held hjula i gang. Og med flinke medarbeidarar som dreg lasset saman, så trur eg dette må vera tidenes påske, avsluttar oddfrid Nedrebø Gjertsen.