Stavanger førebur seg på storstilt feiring av byjubileet i 2025.||Prosjektrådgiver Stian Kristiansen og prosjektleder Lena Antonius kan nå presentere den første delen av jubileumsprogrammet for 2025.

FINNØY:

Ryfylke Livsgnist vil bidra i byjubileet under samletittelen «Dei fem årstidene».,

Det er fem langhelger i jubileumsåret med musikalske, historiske spel knytta til kvar av dei fem middelalderkyrkjene i kommunen, dvs Domkyrkja, Utstein Kloster-kyrkja, Sørbø-kyrkja, Kyrkja på Talgje og kyrkja i Hesby.

Langehelgene skal vera meir eit «spel». Kyrkjene si historie, musikk, mat og kultur, aktivitetar for skuleelevar og temakveldar blir like viktige, og forteljingane og opplevingane skal skapa stolthet og nysgjerrighet om eigen kommune og region, heiter det i søknaden.

Dei foreløpige skissene til opplegget i jubileumsåret 2025 er slik:

Vinteren på Sørbø

Spelet om Margrete Skuledotter, gift med kong  Håkon Håkonsson, og  omtalt som mor til Norges lovverk.

Våren på Talgje

Spel om Elise Eskildsdotter Nilsson, sjørøvarkvinnen fra Talgje.

Sommaren i Stavanger

Spel om Marta Jørgensdatter som fikk barn på utvandrarskuta «Restauration»

Hausten på Utstein

Klostervandringer i samarbeid med MUST (Museum Stavanger)

Jul på Hesby

Spel om Gustava Kielland, prestekånå som skapte julestemning

Kyrkja på Sørbø er ein del av opplegget til Ryfylke Livsgnist. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Kommunedirektøren meiner porogrammet kan ha nasjonal interesse, og skapa auka bevissthet om kor sentrale Stavanger og Ryfylke har vore frå eldgamle tider.  Arrangementet vil også styrkja dei fem middelalderkyrkjene, som er det sterke felles symbolet i kommunen. Dxessutan kan opplegget binda saman kommunedelane, og formidla historia til barn og vaksne.

Kommunedirektøren meiner dessutan at opplegget til Ryfylke Livsgnist kan auka kunnskapane om kyrkjene, bidra til auka bruk og medverka til at dei blir brukt msom kulturarena.

Ryfylke Livsgnist søkte om 4 mill til opplegget, men får nå i første omgang ein million fordelt på åra fram til 2025. Men kommunedirektøren held døra på gløtt for at det kan koma meir pengar seinare.

I tillegg til Ryfylke Livsgnist skal desse bidra;

Stavangeroratoriet

Stavangeroratoriet AS, kunstnerisk ansvarlege er Tore Renberg og Anders Brunvær Hauge.

Stavangeroratoriet vil gjera dykk i utvalde epokar av byens historie, og la enkeltpersonar dela si oppleving av historiskehendingar. Den første verkdelen fortel historia om unge Joanna frå Winchester som til sin fortvilelse må reisa til bortgøymde Stavanger i nord fordi faren skal jobba på den nye katedralen som skal reisast der.

Seilas gjennom Stavangers maritime historie

Engøyholmen kystkultursenter

Engøyholmen vil skapa møteplassar kor innbyggjarane kan delta aktivt i arrangementa. Blant dei tre prosjekta som Engøyholmen vil utvikla er å gjenskapa folkefest og regatta frå Landsregattaen i 1868.

Prosjektrådgiver Stian Kristiansen og prosjektleder Lena Antonius kan nå presentere den første delen av jubileumsprogrammet for 2025. Foto: FOTO: Stavanger kommune

Mitt Stavanger – vår byhistorie

Stavanger museum si basisutstilling skal oppgradast og moderniserast, og skal bli ei hovedutstilling for Stavanger 2025. Utstillinga tar for seg Stavanger byhistorie frå 1125 til i dag, og tar for seg mangfaldet i dagens samfunn, stiller spørsmål til vedtekne sanningar, og løftar fram stemmer som ikkje blir høyrt for å formilda eit nyansert bilete av den religiøse delen av samfunnet.

Heimehavn ,<a href="https://stavangermaritimemuseum.no/">Stavanger (maritimt museum)</a>

Utstillinga omhandlar Stavanger havn gjennom fleire hundre år, og skal formidla folks levekår, fartøy som er blitt brukt og forteljingar frå havna. Det inngår også ei utstilling som tematiserer Stavanger i eit Ryfylkeperspektiv, med handel, vekst, innovasjon og impulsar utanfrå som sentrale tema.

Nye naturhistoriske utstillingar på Stavanger museum

Den raude tråden er lokal biologi og menneskeleg påverkning – utstillinga skal setja fokus på den fantastiske naturen me har rundt oss og på kva den enkelte kan gjera for å ta vare på denne. Kvar dag tar me val som påverkar biologien rundt oss. I 2025 skal ei større, samanhengande utstilling stå klar, som på ei lettfatteleg og humoristisk måte skal gje oss lyst til å vita meir om lokal natur.

Sølvberget går nå i gang med tre satsingar:

Ytringsfrihetsbyen

Stavanger husar hovedkontoret for ICORN, det internasjonale fribynettverket. Sølvberget arbeidar med ei vandreutstilling om ytringsfriheten, eit større, internasjonalt nettverksmøte for andre fribyar i ICORN-nettverket, pluss ein internasjonal konferanse om kunst, ytringsfrihet og demokrati, med eit omfattande ungdomsprogram.

Kielland på ny

I 2024 markerer me Alexander Kielland sitt 175-årsjubileum, og femårsjubileet til Kiellandsenteret. Markeringa skal gjera forfatterskapet meir tilgjengeleg, mellom anna med nyutgjeving av Kiellands verk. I tillegg skal det utviklast eit undervisningsopplegg retta mot vidaregående skular.

Lyden av Stavanger (arbeidstittel)

Sølvberget vil invitera til ein stor familiefest i byen i samarbeid med elevar og kulturliv. Lokale kunstnarar innanfor litteratur, scenekunst og musikk skal involverast til å bli med å laga festforestilling i byen.

Fleire arrangementer

NM-veka og idrettsgallaen, som Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune var vertskap for i 2019, skal bli ein del av jubileumsåret dersom arrangementa blir lagt til Stavanger i 2025, som søkt om.