Toralf Ladstein blir ny sokneprest i Erfjord og Jelsa sokn. Her saman med dottera Torill på tre år. Foto: privat

FINNØY:

I dag er Ladstein familieprest i Bekkefaret menighet i Stavanger. Han har vore i stillinga i sju år. Fram til februar i år vikarierte han som sokneprest i Kampen menigheit.,

- Det er vel gjerne slik at ønske om å bli sokneprest melder seg for dei fleste prestar før eller seinare. Nå var det slik eg kjente det, så då var det naturleg å søka. Eg tykte stillingsannonsa såg spennande ut, så, ja, eg gler meg til å ta fatt, fortel  Ladstein som får kontor på Sand.

Løysingsorientert

- Kan det bli utfordrande å komma seg til og frå?

- Slik rutene er nå, går det greitt å komma seg fram og tilbake til Sand. Inn om morgonen og ut igjen om ettermiddagen. Korleis dei nye rutene blir når dei etter kvart kjem, veit eg jo ikkje. To gonger i månaden må eg belaga meg på overnatting i forbindelse med gudstenester på Jelsa og Marvik. Kanskje får eg meg ein pendlarhybel, det vil i så fall gjera sundagane lettare. Skulle det bli nødvendig går det og an å ha bil ståande på Jelsa og køyra til Sand, det tek rundt ein halv time, vil eg tru. Eg har forresten nettopp høyrt at det finns gode lademoglegheiter.

- Kva tenker du om å bli den nye jelsapresten?

- Ha ha, den har eg høyrt ja. «Skriv det på gjelda, sa presten». Det er eit ordtak som mange hugsar, og har glede av å dra fram i ein munter passiar, smiler den nye soknepresten i Jelsa og Erfjord sokn, Toralf Ladstein.