Sissel Marie (KrF) blir leiar i Finnøy kommunedelsutval
Sissel Marie Bjerga overtek som leiar for kommunedelsutvalet i Finnøy etter Birger Hetland.
Kristeleg Folkeparti stod att som det klart største partiet i Finnøy stemmekrets i haustens kommuneval. Partiet er dessutan ein del av borgarleg blokk, som snart overtek styringa i Stavanger kommune. Nå er det bestemt at KrF-ar Sissel Marie Bjerga overtek som leiar i Finnøy kommunedelsutval.
– Eg går til oppgåva med litt høge skuldrer og med ydmykheit. Det er ei stor oppgåve, seier Bjerga til Øyposten.
Ho har sitte fire år som vanleg medlem i kommunedelsutvalet. Ho har i tillegg mykje erfaring frå diverse styrearbeid, og ikkje minst erfaring med å leie ei verksemd som dagleg leiar i Utsyn Misjonssenter.
– Me har andre utfordringar enn dei i byen. Me har eit anna reisemønster, og me må jobbe aktivt for at det skal vere greitt å bu i heile kommunedelen for alle, seier Bjerga.
Ho bur sjølv på Halsnøy og har vore ein ivrig talsperson for Øyfast.
– Øyfast håper eg at me skal få sett på sakskartet, seier Bjerga.
I tillegg til Bjerga får KrF inn Ingrid Eiane Setvik som fast medlem i det nye kommunedelsutvalet. Første møte er timeplansfesta til tysdag 28. november.