Lnett fekk skryt frå lokale politikarar i Finnøy
Lnett sin vilje til å møta opp og forklara planane for den nye kraftforbindelsen over øyane, fekk skryt av lokale politikarar i kommunedelsutvalet.
FINNØY: Det var under orienteringa som Børre Dybesland, myndighetskontakt, og prosjektleiar Torbjørn Grødem, begge frå Lnett, ga i kommunedelsutvalet om den den nye kraftforbindelsen at rosen kom.
Både Oddvar Vignes (h) og Sissel-Marie Bjerga (krf) rosa Lnett for måten dei stiller opp og forklarer planane sine.
-De møter oss med eit smil, og er ansiktet utad for luftlinjer som ingen vil ha. Eg er imponert, det må vera tøft å fronta dette, sa Sissel-Marie Bjerga.
Prosjektleiar Torbjørn Grødem svara at han set pris på engasjementet i øyane.
-Det er slik me kan finna fram til dei beste løysingane, sa han.
Til Øyposten seier Grødem at han ikkje har noko negativt å seia om finnøybuen sitt engasjement i saka.
-Me har fått positive tilbakemeldingar også tidlegare. Det som er fint er at folk skil sak og person, det gjer dei her, sjølv om dei er uenige i planane me legg fram, seier Grødem.
Lnett har tidlegare vist til at straumforbruket er venta å auka med 45 prosent i åra framover, og på møtet blei det stilt spørsmål ved grunnlaget for dette talet.
-Det er basert på henvendelsar me har fått, opplyste Børre Dybesland. Mellom anna er det planar om å elektrifisera ferje- og hurtigbåtflåten.
Det var elles brei semje om at det er NVE «skytset» nå må rettast mot. Jon Olav Runestad (ap) påpeika at det beste argumentet mot luftlinjer er det estetiske.
-Dette er realtivt flate øyar, kor det er knapt med arealer. Eit luftspenn vil visa godt igjen, og kan ikkje samanliknast med å kryssa fjell og dalar på fastlandet, meinte han.