Ny rapport hevdar: Finnøy kan bli sjølvforsynt med straum

Finnøy kan bli sjølvforsynt med straum frå sol og vind, ifølge ein ny rapport laga på oppdrag av Stavanger kommune.

Sol kan gi straum tilsvarande halve energiforbruket på øya Finnøy, ifølge rapporten.
Publisert:

FINNØY: Det er Multiconsult som har laga rapporten, som er blitt presentert både for kommunedelsutvalet i Finnøy og for politikarane i byen.

Rapporten konkluderer med at øya Finnøy kan bli sjølvforsynt med straum. Potensialet for solenergi åleine kan dekka halvparten av straumforbruket på øya, i følge rapporten.

«Resultatene viser at Finnøy i gjennomsnitt over året kan bli selvforsynt av lokalt produsert strøm fra lokale sol- og vindressurser», heiter det mellom anna i rapporten.

«Våre beregninger viser at Finnøy kan få et 100 % fornybart og fossilfritt
energiforsyningssystem med allerede kjente og utprøvde teknologier, som vil være økonomisk lønnsomme innen anleggenes levetid. Ved lånefinansiering kan de mest lønnsomme anleggene realiseres på en måte som gjør at de årlige kostnadene knyttet til energi reduseres», heiter det vidare i rapporten, som også konkluderer med at den minst lønsame løysinga vil vera å halda fram med å bruka fossil energi.

Gardsvindmøller

Gardsvindmøller blir framheva i rapporten som ei løysing.

Når det gjeld vindkraft blir det like vel peika på at det ikkje er ønskeleg med større vinmølleparkar tett på bustader og fugleliv. Men det finst muligheter for mindre gardsvindmøller som kan vera eit godt supplement til energiforsyninga til gardsbruk, slår rapporten fast.

I konklusjonen frå kommunen heiter det at det er store muligheter for eit energisystem både er lønsomt og gir lågare utslepp av klimagassar enn i dag.

Dessutan kan det bidra til lokal næringsutvikling på Finnøy.

Minst effekt om vinteren

Nestleiar i kommunedelsutvalet, Jon Olav Runestad, meiner likevel det er nokre snublesteinar som kan gjera ei omstilling vanskeleg.

-Eg skjønar ikkje heilt budskapen i rapporten. Det er om vinteren at solkraft er minst effektiv, og gardsvindmøller er også mykje mindre effektive enn store vindmølleparkar. Eg trur det vil vera rettare å satsa på utbygging av vannkraft og effektivisera dei kraftverka me har enn å pepra dei fine øyane våre med vindmøller, meiner Runestad.

Då saka var oppe i kommunedelsutvalet i Finnøy var utvalet positiv til at Finnøy skal bli ein energinøytral «pilot» i 2028.

«Utvalget ser det er mange ledige tak på landbruksbygg i området og anbefaler derfor utleie av takflaten eller et finansierings samarbeid mellom kommune, Lyse og grunneier. Det er videre viktig å komme raskt i gang for å se på mulighetene sammen med Lyse for å starte denne satsingen», heiter det i vedtaket.

Publisert: