FINNØY: -Det var mange som var ute på tur i finvêret søndag. Dermed kom bøsseberarane til mange tome hus, seier Terje Øvrebø, i innsamlingskomiteen i Rennesøy.

Likevel var gjevargleda stor, og totalt blei det samla inn over 100.000 kroner i kontantar i Finnøy og Rennesøy.

Ottar Sandanger, som hadde ansvaret i Finnøy, er godt nøgd med resultatet.

Liva Reilstad har pengane klar då Signy Bråtveit bankar på døra. Foto: Rune Nedrebø

Berga livet til sonen

-Målt i folketal samla me inn meir i Finnøy enn dei gjorde på Rennesøy, konstaterer Sandanger, som også er nøgd med at det til slutt kom på plass nok bøsseberarar.

Blant dei som var ute med bøssene søndag var tidlegare distriktslækjar i Finnøy, Aslak Bråtveit og kona Signy. Dei tok føre seg Reilstad-bygda.

-Det er ekstra stas å samla inn til «Leger utan grenser», seier både Aslak og Signy Bråtveit.

Aslak Bråtveit har vore distriktslækjar på Finnøy i nesten 40 år, og i tillegg har ekteparet ein son som blei redda av «Leger utan grenser» i Afrika.

Kjellaug Håvarstein (t.v.) frå SR Bank og Gerd Hummervoll i gang med oppteljinga i Kulturhuset Meieriet på Rennesøy. Foto: Rune Nedrebø

-Han reiste til Uganda og vidare til Burundi, kor han blei smitta av malaria. Heldigvis var det folk frå «Leger utan grenser» som tok seg av han og berga livet hans, seier dei to.

Foto: Sandra Ingvartsen (t.v.) og Eila Aske Finnesand leverer bøssene sine i meieriet i Vikevåg. Dei gjekk runden i Østhusvik, men kom til mange tome hus.

-Viktig at alle får legehjelp

Ekteparet blir tekne godt i mot alle stader kor det er folk heime. Der kor det ikkje er det, klistrar dei ein lapp på døra med kontonummeret til TV-aksjonen.

Blant dei som åpna døra for Signy Bråtveit og tek godt imot ærendet hennar, er Karianne Vignes Olsen. Ho synes innsamlinga går til eit veldig godt formål.

-Det er kjempeviktig at alle får legehjelp, seier ho. I likhet med mange andre har heller ikkje ho kontantar heime, men forsikrar om at ho kjem til å Vippsa eit beløp til aksjonen.

Tre generasjonar hundrelappar, og gamle 50-lappar var blant innhaldet i bøssene i Rennesøy. Den største hundrelappen er dessverre ikkje noko verd. Foto: Rune Nedrebø

Baud på kaffi og eplekake

I eit anna hus, ikkje langt unna åpnar vesle Liva Reilstad døra. Ho har kontantar klar og stappar dei i bøssa, og veit godt kva pengane går til i år.

-Legar utan grenser, seier ho.

-Veit du kva dei gjer?

-Dei reiser rundt i verda og hjelper folk, seier Liva Reilstad, som har hatt om TV-innsamlinga på aksjonsdagen på skulen på Finnøy.

Etter at Signy og Aslak Bråtveit har gått runden sin, samlar dei andre bøsseberarar frå reilstadbygda til kaffi og heimebakt heime hos seg.

Signy og Aslak Bråtveit tok reilstadbygda føre seg under innsamlingsaksjonen. Foto: Rune Nedrebø

-Me må gjera litt stas på dei, tykkjer Signy Bråtveit. som serverer lekker eplekake og bakverk, mens mannen Aslak slår an tonen til bordverset på flygelet.

Innsamlinga har gått bra, er tilbakemeldinga rundt bordet. Rett nok var det mange som ikkje hadde kontantar, men mange eldre sat trufast og venta med kontantane klar til at bøsseberararne skulle dukka opp.

Ifølge Olaug Høgetveit, som var med innsamlingsaksjonen på Finnøy, var det ein person som stappa ikkje mindre enn 3000 kroner i bøssa. Det var truleg rekorden.

Signy Bråtveit baud på deilig heimebakst, og mannen Aslak slår an tonen til bordverset. Foto: Rune Nedrebø

-