STAVANGER: Både Andreas Aandstad, Bjørn Angelskår Moen, Adele Moltu og kontaktlærar Øyvind Bondevik Haga møtte opp i NRK Lokalen, spente og fulle av forventningar fredag ettermiddag.

Før dysten hadde dei fått ei omvising i NRK-bygget. Motstandaren var Tastaveden skole frå Stavanger, med lærar Thomas Indstefjord som makker. Håpet om ein Oslo-tur til den nasjonale finalen hang høgt hos begge laga. Dagen før var det klart at St. Svithun skole i Stavanger sikra seg billett til Oslo.

Intens konsentrasjon. Programleiar er Bjørn Olav Skjæveland. Foto: Rune Nedrebø

Tastaveden har også tidlegare gått heilt til topps i landsfinalen, i 2018, men det var første gang Finnøy sende deltakarar til fylkesfinalen.

Og dessverre for Finnøy viste det seg at Tastaveden blei for sterke, Tastaveden gjekk av med sigeren denne gongen også. På Finnøy sat medelevane og staben på skulen klistra til radioapparata og fylgde sendinga på direkten.

Etter duellen mot Tastaveden var det ikkje fritt for at Finnøy-elvane var skuffa.

-Ja, gjett, var kommentaren frå dei tre. Det var bare to poeng om å gjera, og på det siste spørsmålet vog Finnøy-elevane for og mot Harry Potter eller Ringenes Herre. Men ei fattig trøyst var det at her svarte begge skulane feil.

Finnøy-elevane hadde øvd heile dagen før, og også same dagen dei skulle møta Tastaveden.

Kontaktlærar Øyvind Bondevik Haga synes likevel at elevane frå Finnøy gjorde ein strålande innsats.

-Dei var nok litt uheldige med spørsmåla, men det er trass alt første gongen Finnøy har kome til fylkesfinalen. Det er slett ikkje verst, meiner han.