Fyrverkerisalget går unna på Judaberg
Rune Nåden bak disken i Coop’en sitt fyrverkeriutsalg på Judaberg melder om god pågang av kunder som ønsker å feira nytt år med eit smell.
FINNØY: Blant kundane var Lena Hebnes frå Finnøy.
-Me har to små som me må kjøpa litt til, stjerneskudd og litt med smell i, seier ho til Øyposten.
-Skal du sjå på fellesfyrverkeriet på Judaberg?
-Nei, sidan me har to små barn, er me litt låst. Me kjem til å vera heime, seier ho.
Også Erik Østebø frå Talgje var innom for å handla fyrverkeri.
-Har du noko til 600–800 kroner, lurte han på. Og det hadde Rune Nåden.
-Me blir åtte på nyttårsaftan, og fyrverkeri høyrer med, stadfestar han.
Blant dei dyraste pakkane bak disken er «The beast» til nesten 4000 kroner, som varer i 160 sekund.
-Fleire spurde etter denne pakken i fjor, nå har me fått han inn, opplyser Nåden.
Men for dei som vil ta litt hensyn til hunden, har Nåden også tilbod for dei. Det er «Colourful Sky» og «Pet Pal», begge med låg lyd.