Kommunen etterlyser badevakter til Finnøy og Rennesøy

Stavanger kommune treng fleire badevakter til symjehallane på Finnøy og Rennesøy.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Symjehallen ved sentralskulen på Judaberg.

FINNØY-RENNESØY: -Me treng ringevikarar og vikarar så snart som mulig, helst fem seks personar, seier John Arne Sæthre, arbeidsleiar i kommunen med ansvar for Finnøy og Rennesøy til Øyposten.,

Det trengst folk til begge symjehallane. Til symjehallen i Rennesøy er det behov for vikrarar onsdag og søndag, mens det på Finnøy er behov når symjehallen er åpen for publikum laurdag.  Vakter blir betalt på timebasis.

Kravet er at vaktene må vera over 18 år, vera gode til å symja, kunna dykka ned til 1,7 meter og delta på livredningskurs eit par gonger i året. Slike kurs vil blir arrangert på Finnøy eller Rennesøy, er planen. Interesserte kan ta kontakt med Jon Arne Sæthre, Stavanger kommune.