Sommarbonanza utan sommarøya Finnøy

Mangel på eigna lokalar gjer at Finnøy ikkje er med i det populære ferietilbodet for ungdom mellom 13 og 17 år i sommar.

Ungdomsklubben på Finnøy må stå over Sommarbonanza i år på grunn av mangel på klubbhus. Foto: Arkiv
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Sommarbonanza er ungdomssatsinga av Fiks Ferigge Ferie og vert arrangert av kommunen kvart år i dei fleste kommunedelane. Ungdom frå Finnøy som ønskjer å vera med, må melda seg på arrangementet i Rennesøy, eller i andre kommunedelar.,

- Dei som ønskjer å arrangera må ha ein eigen base som dei kan operera ut ifrå, og har eigarskap til. I og med at ungdomsklubben på Finnøy er relativ nyoppretta, og dei ikkje har sitt eige lokale ennå, kan dei heller ikkje arrangera Sommarebonanza. Eg reknar med at dette vil ordna seg til neste sommar. Difor tenker eg at det er naturleg for ungdommane i Finnøy og bli med Rennesøy i år, opplyser leiar i fritidsavdelinga i kommunen, Jone Kristian Sunde.

Øyposten er kjent med at kommunen har peika ut eit lokale på Judaberg som kan vera aktuelt, og som dei no jobbar aktivt med å landa.

Rennesøy har hatt ungdomsklubb i tre år, og var med i Sommarbonanza for fyrste gong i fjor.

Tilbodet er eit vekesprogram, frå måndag til og med fredag og består av forskjellige aktivitetar som ungdommane sjølve har plukka ut. Prisen er 500 kroner per veke og føregår i veke 26, 27 og 32.

Barnas sommar i år også

Årets Fiks Ferigge Ferie blei, til liks med dei andre kommunedelane, utselt i Finnøy og Rennesøy i løpet av ein time.

- I fjor gjekk salet av billettsalet heller litt treigt, men i år forsvann 1400 billettar i løpet ein drøy time etter at dei blei lagt ut. Eg veit at fleire som ikkje fekk tilbod om plass i byen har kjøpt billettar til veka i Finnøy og Rennesøy. Me skulle gjerne sett at desse to kommunedelane hadde hatt fleire veker å tilby. Eg trur mange born vil oppleva det eksotisk å komma til øyane. Desse plassane har utvilsamt andre ting å by på enn dei meir kjente og typiske by-aktivitetane. Det er viktig at borna får oppleva eit spennande og variert program. Kanskje kan Finnøy utvida når dei får sitt eige klubbhus, seier Sunde.

Finnøy og Rennesøy har selt 45 billettar kvar til veke 32.

I Finnøy er det mangel på leiarar til Fiks Ferigge Ferie.

- Ja, me skulle gjerne hatt eit par eller tre jenter, helst, over 18 år som kunne tenka seg å vera med som leiarar gjennom aktivitetsveka. Det er ennå tid igjen, så eg håpar og trur det ordnar seg, opplyser arrangør i Finnøy Ragnhild Valand frå frivilligsentralen.

Som eit plaster på såret kan me opplysa om at kommunen har bestemt at Barnas sommer skal arrangerast også i år, og er under planlegging.

Publisert: