Det er gjort avtale om uttak av heile 6000m3 bjørkeskog frå ein grunneigar i Hjelmeland til dette formålet.

Det nye og miljøvenlege biogranulatet har vist lovande resultat og skal testast ut på 10 kunstgrasbanar.

I fire år har Norges Fotballforbund (NFF) jobba med utviklinga av eit berkraftig alternativ til gummigranulat. Så langt viser testar at det nye miljøvenlege produktet innfrir samtlige krav til bredde- og toppfotball, FIFA Quality.

Store investeringar

– Dette ser svært lovande ut. Dei positive testresultata gjer at biogranulatet no skal testast ut i full skala. I fyrste omgang skal 10 kunstgrasbanar rundt om i landet leggjast med bjørkeinnfyll i løpet av det fyrste året. Granulatet skal testast under bruk og i forskjellige klimasonar, blant anna i Ryfylkehallen på Tau, seier Jon Asgaut Flesjå, Regional anleggskonsulent i NFF, Sør -og Veslandet.

NFF og kommunane som er baneeigarar går inn med inntil 1,6 millionar kroner i kvar av desse banane.

Bjørkegranulatet er betydeleg tyngre enn anna organisk innfyll og flyter derfor ikkje bort i regnvêr. Det tåler også hard kulde og frys ikkje før ved 15 minusgrader.

Utanlandsk interesse

Flesjå fortel at produktet kan ha eit kommersielt potensiale då det er ein betydeleg marknad internasjonalt.

– Absolutt. Blant anna England, som jo er ein stor fotballnasjon, er svært interssert viss produktet viser seg å innfri forventningane. Dei ønskjer å testa bjørkeinnfyllet på eit anlegg i Scheffield. Det same gjer det svenske fotballforbundet på eit anlegg i Stocholm.

Prosjektet er eit Forskning og utviklingsprosjekt, og det er GOE-Production AS i Årdal som produserer bjørkegranulatet inspirert av teknologi brukt i oljebransjen.

– Det er fantastisk at dette produktet er produsert og utvikla i Ryfylke, seier Flesjå.