Kongen fyller 85 år, og det blir feira på Sjernarøy.

SJERNARØY:

Marsipankaka har ho baka for ei stund sidan, og i dag skal ho opp av frysaren og pyntast. Dessutan skal bordet pyntast med bordflagg, og framfor huset blir hendinga markert med flagg.,

Benny og Harald Helgelanbd skal kosa seg framfor tv-skjermen i kveld, (Foto: Rune Nedrebø)

Kaka skal Benny Helgeland nyta saman med mannen, som tilfeldigvis også heiter Harald.

-Då stengjer eg butikken, seier Benny Helgeland til Øyposten, og siktar til mobiltelefonen. Sjølv om Kongen feirar dagen i utlandet saman med familien, kjem NRK til å senda eit program i anledning dagen. Og det vil ekteparet Helgeland sjå uforstyrra i fred.

-Har du skrive kort til han?

-Ja eg sende eit skikkeleg fint kort, med blomstermotiv. Eg skreiv også eit lite dikt til Kongen på kortet, opplyser ho.

Benny Helgeland kan også røpa at også dronning Margrethe og dronning Elizabeth begge får helsing frå Helgøy i Sjernarøyane. 14. januar hadde dronning Margrethe site på den danske trona i 50 år, mens dronning Elizabeth i år har regjert i Stortbritannia i 70 år.

Elles hugsa Benny Helgeland også på prinsesse Ingrid Alexandra på 18-årsdagen hennar 21. januar, og la også med 200 kroner i bursdagshelsinga.