Mastra IL feirer 75 år
Ein av dei største attraksjonane på festdagen blir naboppgjeret i fotball mellom erkerivalane Mastra og Finnøy.
- Oddbjørg Måland
RENNESØY: Klubben slår på stortromma og inviterer alle som kan og vil i Rennesøy kommunedel til å vera med på markeringa.
Sjølve jubileet var i fjor men på grunn av pandemien blir det det feiring neste laurdag.
– Me legg opp til ei skikkeleg feiring for heile familien. Det blir ulike aktivitetar for alle aldersgrupper. Store og små vil å få nok å fylla dagen med, og alle aktivitetane er gratis, seier leiar i idrettslaget Silje Hagen.
Turnoppvisning
– Eg søkte fotballforbundet om få fotballkampen lagt til laurdag 18.juni, nettopp fordi det vil setta ein ekstra spiss på jubileumsprogrammet. Så det er me sjølvsagt godt nøgde med
I pausen blir det turnshow med det nyoppstarta konkurransepartiet som Mastra IL og Finnøy IL samarbeidar om. Dette er eit tilbod til born født mellom 2007 og 2009 og som ønskjer å ta turnsporten eitt hakk vidare.
Gjennom heile dagen blir det god stemning og kiosksal.
På kveldstid har idrettslaget invitert klubbens frivillige til festmiddag med talar og underhaldning.