Går for nyttårsfyrverkeri på Finnøy og Rennesøy

Frp vil at dei nye kommunedelane Finnøy og Rennesøy skal behandlast likt med dei andre kommunedelane i Stavanger, og foreslår difor at det skal bli fellesfyrverkeri nyttårsaftan også her.

Det blir fyrverkeri kosta av kommunen komande nyttårsaftan.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STAVANGER:

Forslaget kjem opp i utvalet for miljø og utbygging neste veke, og forslaget frå Frp går på at det skal bli fellesfyrverkeri også på Judaberg og i Vikevåg. Ifølge gruppeleiar Leif Arne Moi Nilsen stiller både Høyre og Venstre seg bak forslaget.,

I forbindelse med at den nye kommunen blei etablert nyttår i 2020, var det fellesfyrverkeri kosta av kommunen begge stader.

 Leif Arne Moi Nilsen (frp)

Kommunedirektøren har i si innstilling til politikarane ikkje tatt med Finnøy og Rennesøy i forslaget sitt til korleis nyttårsfyrverkeriet skal ordnast i Stavanger framover. Direktøren vil dessutan erstatta oppskytinga av fyrverkeriet på Våland med eit støysvakt lys- og lydshow. Men dette går også Frp i mot, og vil ha tradisjonelle raketter på himmelen.

Ifølge utgreiinga frå kommunedirektøren vil eit fellesfyrverkeri i øyane kosta 265.000 kroner i året.

Leif Arne Moi Nilsen seier til Øyposten at det må gå an å gjera oppskytinga rimelegare.

-Ein vesentleg kostnad er leige av lektarar for oppskyting. Men eg kan ikkje forstå anna enn at det må gå an å skyta fyrverkeriet opp på land, både på Judaberg og i Vikevåg. Piren på ferjekaien på Judaberg, til dømes, bør eigna seg godt, meiner Moi Nilsen.

Publisert: