Jonn Magnar Vignes synes det bra at det blir prøvd med buss frå Finnøy til byen, men er usikker på kor mykje han vil bli brukt.|-Vil kunna styrka kollektivtilbudet, seier Arnstein Idsø.|-Reisetida blir alt for lang, eg held ein knapp på hurtigbåten, seier Turid Larsen.|-Fint for dei som ikkje har lappen, meiner Olav Myklebust.

FINNØY:

-Det er eit godt forslag, men eg er redd for at det blir for få som kjem til å benytta seg av tilbudet, seier Jonn Magnar Vignes frå Finnøy til Øyposten.,

Sjølv brukar han å ta bilen når han skal til Stavanger, men meiner det kan bli eit fint tilbud for pendlarar og skuleelvar.

-Dessutan er det ingen offentleg kommunikasjon mellom Finnøy og Rennesøy, slik det er i dag. Det vil ein buss kunna retta på. Minussida er at det kan bli ein konkurrent til hurtigbåten, seier Vignes.

-Fint for dei som ikkje har lappen, meiner Olav Myklebust. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Finnøybuen Olav Myklebust har ikkje fått med seg nyheten om at fylket vil prøva med ekspressbuss til byen, men meiner det er eit positivt tiltak.

-Det er bra for dei som ikkje har lappen og skal til byen. Eg pleier å kjøra sjølv etter at eg fekk lappen, men eg trur det kan bli eit tilbud som blir brukt, seier Myklebust.

Arnstein Idsø frå Fogn synes også det er eit bra forslag.

-Det vil gi eit betre kollektivtilbud. Hurtigbåtane har også det minuset at det er eit voldsomt utslepp frå dei. Men likevel er øyane utanom Finnøy heilt avhengig av hurtigbåten, og eg håpar ikkje at ei bussrute vil svekka det tilbudet, seier Idsø.

-Vil kunna styrka kollektivtilbudet, seier Arnstein Idsø. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Turid Larsen frå Finnøy jobbar på hurtigbåten og er skeptisk til forslaget.

-Det går an å prøva, men eg trur reisetida blir for lang. Bussen må oppom Talgje og Rennesøy, og då går tida. Det er enklare å ta hurtigbåten rett til byen, eg held ein knapp på den framfor buss. Dessutan er eg livredd for at det skal gå ut over rutetilbudet til hurtigbåten, seier Larsen.

-Reisetida blir alt for lang, eg held ein knapp på hurtigbåten, seier Turid Larsen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø