Hvem skal betale for gnag og sykkelstien fra Nådå til Fåhadlet når bompengene forsvinner?

FINNØY:

-Det er ikkje lenger nokon finansieringsplan for dette prosjektet, seier samferdselssjef Gottfried Heinzerling til Øyposten, etter at Frp og regjeringa blei enige om at det ikkje skal vera bompengar i Finnfast frå 1. juli.,

Ifølge Heinzerling var planen til Rogaland fylkeskommune å senda ein søknad til Stortinget rett over ferien om å forlenga bompengeinnkrevinga i Finnfast for å betala gang- og sykkelvegen. Planen var at innkrevinga skulle forlengast i åtte månader, for at bilistane skulle betala 25 av dei 30 millionane som bygginga kostar.

-Nå må Stavanger kommune be om at prosjektet kjem inn på rulleringa av fylket sin investeringsplan, seier Heinzerling.

-Betyr det at prosjektet blir forsinka?

-Ja, det trur eg. Kor mykje kjem an på kor høgt dette prosjektet blir prioritert i forhold til andre investeringar som fylket har på gang.

-Er det ein mulighet at Stavanger kan forskuttera prosjektet?

-I prinsippet, ja, svarar Gottfried Heinzerling.

Planen var at Stortinget skulle behandla søknaden før jul eller i vinter, slik at bygginga kunne ha starta om eit år.