Fjøløy i fjor sommar.

FJØLØY:

Kommunedirektørens innstilling for disposisjonsplanen ved Fjøløy natur- og friområde blei einstemmig vedteke før jul.,

Visjonen for disposisjonsplanen er å sikre at det skal vera eit attraktivt område som fremmer friluftsliv, naturopplevelser, rekreasjon og fysisk aktivitet for alle, heiter det i dokumentet.

Utval for miljø og utbygging vedtok einstemmig at driftsmodellen for Fjøløy natur og friområde godkjennes, og at finansiering av foreslåtte prioriterte prosjekter i disposisjonsplanen vurderes i forbindelse med kommande handlings- og økonomiplaner.

I tillegg blei desse punkta i eitt tilleggsforslag frå partia Ap, H, Frp, FNB, MDG, Sp og V vedtatt:

Det velges to politiske representanter til styringsgruppa., Kommunedirektøren oppretter dialog med MUST for eit samarbeid om å ivareta de militærhistoriske verdiane på Fjøløy fort., MUST oppfordres til dialog med Fjøløy forts venner (FFV), ettersom det for utvalet er viktig med eit godt samarbeid med FFV i den vidare utviklinga av området. Venneforeininga har gjort ein stor innsats så langt og dei vil gjerne bidra til at det fortsetter, merkes det i saksprotokollen., Kommunedirektøren fremmer ein orienteringssak for utvalet som viser dei kommersielle mulighetene på kort og lengre sikt for området og dei samarbeidende aktørane., Kommunedirektøren redegjør i samme sak også for dei økonomiske aspektene ved å ivareta Fjøløy fort som kulturminne, inkludert ivaretakelse av dei militærhistoriske verdiane, samt mulighetene for å søke støtte til dette.