FINNØY:

Det blei nyleg kjend at Stephan Dickinson har fått med seg «Bygdakokken» Joakim Wiborg for å driva den planlagde restauranten og uteserveringa på Judaberg. Kva menyen og åpningstidene blir er foreløpig ikkje bestemd, men øybuen virker i alle fall som dei gler seg.,

Øyposten tok seg difor ein runde med fem på gata, for å spørre nokre innbyggarar kva dei synest:

1. Kva synest du om planane, og kjem du til å nytta deg av det nye tilbodet?

2. Er det elles noko tilbod du savnar på Finnøy?

https://www.oyposten.no/2021/12/15/skal-driva-judaberg-restauranten/

Alexander Montgomery-Andersen. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Alexander Montgomery-Andersen

– Det er spanande planer. Eg kjem i alle fall til å sjekka det ut. Så lenge det er bra vil eg nytta meg av det.

– Eg veit ikkje, ikkje som eg kjem på i farta, seier Montgomery-Andersen.

Trine Handeland. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Trine Handeland

– Det er veldig bra, og på tide. Det burde vore på plass for lenge sidan, synest eg. Ja, eg vil nytta meg av det, sikkert mest om sommaren. Då kan det bli enklare for oss med båtvenner viss me får ein stad å ta oss ei øl i lag. Det hadde vore kjekt.

– Kanskje ein restaurant til som kan utfordra desse igjen? Slik som Fjordsenteret som var før. Det trengs også ein båtplass der folk kan overnatte, seier Handeland.

Jon Fredrik Hartvedt. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Jon Fredrik Hartvedt

– Eg synest det er flott. Det er kjempebra med nye tilbod. Eg kjem heilt sikkert til å nytta meg av det.

– Det er viktig å ha noko tilbod for dei uorganiserte ungdommane på øya. Dei planane som er om skateparken er bra, seier Hartvedt.

https://www.oyposten.no/2021/08/27/har-planar-om-uteservering-pa-judaberg/

Kirsten Elin Bergsvik. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Kirsten Elin Bergsvik

– Det blir flott. Det trur eg nok.

– Trur me har det ganske fint, men det er heilt sikkert noko som trengs. Men eg synest desse planene er bra i alle fall, seier Bergsvik.

Ordin Mjølsnes. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Ordin Mjølsnes

– Eg trur det blir veldig positivt, med ein slik plass å få seg ein matbit. Det er også veldig positivt for utviklinga i sentrum. Eg ser kje vekk frå at eg vil nytta meg av det.

– Det skulle vore ein marina til båtfolket på Finnøy. Det hadde vore flott, seier Mjølsnes.

Madelaine Graadahl

Madelaine Graadahl. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

– Eg veit ikkje så mykje om desse planane, men det høyres jo kjempebra ut. Viss det blir eit bra tilbod vil eg nok nytta meg av det.

– Me har jo pizzastaden, men me mangler på ein måte ein restaurant med litt anna mat, der ein også kan sitta ein stund. Det blir så mykje tid heime elles, me treng ikkje meir heimetid. Men eg brenn for kunst- og kulturtilbod for barn, noko eg synest mangler her. Me har jo musikkskulen, men det mangler eit kulturhus, og det er elles lite organisert tilbod. Det som tilbys samkøyres ofte med skulens opningstider. Eg vil heller ha eitt kulturhus enn restaurant, for å sei det sånt. Men det er veldig bra at det kjem ein slik restaurant òg, seier Graadahl.