Næringsområdet på Talgje. Det er frisk diskusjon om kor strenge krav som skal stillast til etstetikken i området.

Som lokalpolitikar  med lang fartstid i Finnøy, så må eg sei at  Utvalg for by-samfunnsutvikling overraskar meg, litt negativt. Fleirtalet med Jarl Endre Egeland fra Høgre i spissen, har vist ein utruleg rigid og detaljstyrt tilnærming til reguleringsplanen for dette sjøretta næringsarealet på Talgje. Eg hadde håpa at fleirtalet  og Høgre ville vist meir tillit til at privat næringsliv sjølv  viser seg sin tillit verdig og skapar ein havbrukspark som vil utmerka seg regionalt og nasjonalt.

,Heldigvis synes det som administrasjonen i Stavanger kommune er sterkt fagleg og praktisk orientert. Finnøy kommunedelsutval har gitt ein detaljert høyringsuttale i denne saka. Vi er i  dag kort sagt samde med ordlyden frå adminstrasjonen:  ”

Det er positivt at det ligg føre ein plan som legg til rette for vidareutvikling av ein viktig næring for Stavanger. Med dei justeringane som er gjort etter høyringa, tek planen omsyn til omgivnadene, samstundes som den er fleksibel nok til at området kan utviklast gradvis, i  tråd med etterspurnaden etter denne typen areal.

Når ein skal etablere eit næringsområde i sjøkanten, så må det tas ekstra hensyn for å redusere inngrep i naturen og bøte på med beplanting og god estetikk rundt sjøfyllingar. Men det er forskjell på å barbere seg og skjære hovudet av. Dette er tross alt eit næringareal der ein skal utvikla og produsera marine arter, og ingen Botanisk hage.

Eg vil nå saman med leiar i kommundelsutvalget Birger Hetland ta eit initiativ for å få til eit møte der næringsliv/politikk/adminstrasjon kan drøfte ulike problemstillingar rundt næringsutvikling innan havbruk.

Alle vil at områda skal være ryddige og mest mulig tilpassa landskapet, samstundes så må bygningsmassen vera teknisk og funksjonelt tilpassa produksjonen. Vi skal  konkurrera med andre områder som også tilbyr næringsarealer. Skal vi vera med i  denne utviklinga så må vi være like attraktive som td. Hjelmeland. Mange seier at havbruk blir den nye oljenæringa som skal skaffe oss trygge jobbar og lokal økonomisk avkastning. Vi har sagt at blå/grønn produksjon er eit satsingsområde i nye Stavanger. Då må vi bestemma oss for om vi skal vera attraktive for desse næringane, eller om våre områder rett og slett er for vakre for landbasert havbruk. Når vi ser på Talgje-saka så  må eg  innrømma at kontrastane mellom Rettedals pragmatiske og effektive samarbeidspolitikk, og dagens Stavanger Høyre virkar stor.

Kommunedelsutvalget i Finnøy ønsker ikkje å være så veldig partipolitisk orientert, men vi må likevel kalle ein spade for ein spade. Vi ønsker samarbeid mellom politiske partier, lokalt næringsliv, administrative etater, forskning og innovasjonsmiljøer.

Vi kan læra av dei i byen, men dei kan jammen læra litt av oss her inne også.

Vi ønsker kort sagt å vera med på å legge til rette for trygge, gode og bærekraftige arbeidplasser i nærmiljøet.

Jon Olav Runestad

Nestleiar Finnøy Kommunedelsutvalg