RENNESØY: Oppmodinga kjem ifrå leiar i kommunedelsutvalet i Rennesøy, Terje Øvrebø.,

-100 000 kroner skal delast ut slik at lag og organisasjonar kan klara å gjennomføra aktivitetar og arrangement som bidreg til å styrka det sosiale fellesskapet i nærmiljøet. Tidlegare i vår blei det fordelt 140 000 kroner av kommunale midlar til same formål. Fristen er 1.spetember, fortel Øvrebø.

Dei som ynskjer å søka kan gjera det på kommunen sine heimesider, eller ta kontakt med Innbyggartorget som kan hjelpa med søkeprosessen.

- Dei som får tilskott må setja opp eit budsjett for kva pengane skal brukast til. Det er viktig at det kjem fram kven og kor mange som skal ta del i aktiviteten. Det skal også leverast ein rapport med ei kort forklaring av kva pengene har blitt brukt til.