Kommunen har inngått samarbeid med sykkelforretningane Bike Brothers, Spinn og På Hjul, og to proffe mekanikarar stilte med nødvendig utstyr til å gå over syklane til finnøy- og rennesøybuane. Fiks opp sykkelen, heilt gratis, var tilbudet.,

Tilbudet er gjennomført i alle kommunedelane i Stavanger.

-Å dømma etter responsen var dette veldig populært. Me fekk svært gode tilbakemeldingar, og stemninga var topp, seier Roar Børresen til Øyposten.

Børresen er sykkelansvarleg i Stavanger kommune.

-Kvifor denne gesten?

-78 prosent av dei over 18 år har ein sykkel, men langt frå alle er i bruk. Samtidig blir folk anbefalt å sykla både av hensyn til helseeffekten det gir, og for å unngå kollektivtrafikk på grunn av smittefaren. Ambisjonen var derfor å få fleire av syklane som har stått heime ubrukte nokre år ut på vegen igjen. På Finnøy ser det ut til at folk har skjønt det, for det var ofte ikkje meir enn litt ekstra luft, litt smøring og kanskje ein ny gear- eller bremsewire som skulle til for å få sykkelen i god stand igjen, seier Børresen, som håpar at fleire både på Finnøy og Rennesøy vil ta sykkelen fatt.

-Kor flinke har dei to tidlegare kommunane vore til å tilretteleggja for sykkel?

-I Finnøy er inntrykket at syklistane stort sett er henvist til å bruka kjørevegen, og dette er noko me sjølvsagt vil vera obs på i våre innspel til politikarane i budsjettet, lovar Roar Børresen.