Stor innsats, masse sjansar - men ikkje poeng denne gong

Finnøy gjorde ein god figur borte men tapte 1-2 mot Stavanger i kveld.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Etter det gode kampen mot Mastra (siger 4-2), kom nedturen i kveld i alle fall poengmessig. Finnøy mangla fleire sentrale spelarar i bortekampen mot Stavanger, blant andre Torjus Halsne, Sander Idsøe og Kristian Ledaal.,

- Men dei som kjem inn gjer ein kjempeinnsats og viser kor viktig det er å ha ein brei stall, seier trenar Erik Flesjå-Johansen.

-Kollektivt er dette ein av dei beste kampane i år. Innsatsen er god, me skaper masse sjansar, men får ikkje noko igjen i form av poeng. SIF er eit betre lag enn oss, og vinn fortent, men me fekk likevel ei god oppleving.

0-1 kom tidleg i første omgang, og kunne kanskje lukte litt offside og 0-2 kom heilt på slutten etter at to Finnøy-spelarar lurte kvarandre. Anders eike rakk å sette inn reduseringa på straffespark før dommarebn blåste av kampen.

Finnøy har teke fire poeng på bortebane i år, med ein målforskjell på 10-24. Heime er det blitt sju poeng og 18-21. Neste kamp for Finnøy er mot Tasta, leiarlaget i avdeling 3, torsdag 12. september.

Publisert: