Øya-benken i kommunestyret i Nye Stavanger.

Hjem-Jobb-Hjem ordninga blei innført for fem år sidan, og har sidan blitt ei svært populær ordning. Mot å betala 515 kroner i månaden kan du reisa ubegrensa innan området med buss eller tog.,

Ordninga gjeld for området omfatta av Byvekstavtalen, dvs Stavanger, Sola, Randaberg og Sandnes. Byvekstavtalen er staten si gulrot for å få bykommunane på Nord-Jæren til å bremsa biltrafikken.

Ordninga gjeld for tilsette i bedrifter, og alle bedrifter med kontoradresse i dei fire kommunane kan søkja om å få bli med i Hjem-Jobb-Hjem-ordninga. Alle bedrifter kan i utgangspunktet vera med.

Førebels har 676 bedrifter inngått avtale med Kolumbus om dette.

Men sjølv om du er tilsett i ei bedrift på Nord-Jæren som er med i ordninga, vil du ikkje kunna reisa til Finnøy eller Rennesøy på Hjem-Jobb-Hjem billett. Ein som bur i Randaberg og jobbar i Sandnes vil kunna få dette, men ikkje ein som jobbar i Randaberg og bur på Skorpefjell eller Vikevåg.

For Finnøy sin del er problemet i tillegg at det ikkje går rutebussar til øya. Og hurtigbåtar har så langt ikkje vore omfatta av ordninga. Men viss siktemålet er å bremsa biltrafikken, rimer det ikkje at ikkje også dei to øykommunane skal få nyta godt av Hjem-Jobb-Hjem-tilbodet.

Nå har fylkeskommunen varsla at det vil bli vurdert å utvida ordninga også utanfor dei fire kommunane. I første omgang er det aktuelt å inkludera Strand kommune og jærkommunane.

Her må Nye Stavanger vera på banen, det gjeld ikkje minst politikarane frå dei to øy-kommunane.  Å gjera det gunstig å pendla kollektivt er viktig for at det skal vera lys i fleire hus og øyane busette også i framtida. Dessutan er det god miljøpolitikk å få flest mulig til å reisa kollektivt, også frå øyane.