Avslutta med heiderlege resultat i Dana Cup

Finnøy sitt gode Gutt 16 årslag leverte gode prestasjonar og spela seg heilt fram til 16- dels finalen i A-Sluttpelet i Dana cup i dag.Der vart det eit tøft møte med Lørenskog frå Akershus,som vann kampen heile 7-0.I kampen tidlegare i dag vann dei 1-0 over Eidskog.Dette var også den siste kampen der desse lovande guttespelarane er samla som eitt lag.I august går turen vidare på  vidaregåande skule, og laget vil såleis bli oppløyst.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Då er det å håpa at nokre av desse talentfulle spelarane ein gong vender tilbake til Finnøy, og er med på å sikrar ei god rekruttering til eit framtidig slagkraftig A-lag.

Også Finnøy sitt jentelag, i den same årsklassen, har deltek under turneringa i Hjørring.No i ettermiddag spelar dei åttendelsfinalene i B-sluttspelet etter å ha tapt alle sin kampar i gruppespelet.Likevel kunne dei innkassera sin første siger i 16-delsfinalene ,då dei vann 3-2 over norske Vang.

Publisert: