Som dei fleste andre arbeidsinnvandrarane starta Edita som sesongarbeidar. Då ho byrja ved pakkeriet i 2003, jobba ho i nokre år periodar på tre månadar, så blei det seks månadar og dei siste åra har ho jobba fulle sesongar, det vil sei ifrå midten av april til ut oktober.,

- Men heime er framleis Litauen, smiler Edita, som har to søner igjen heime. Mannen hennar, Vitalijus kom fyrst til pakkeriet i 2017, fordi han prioriterte å vera heime med gutane til dei blei vaksne nok til å klara seg sjølve.

- Fortel om jobben din?

- Enkelt sagt, så gjer eg alt arbeidet som trengs «på golvet», ifrå tomatane kjem inn på huset, til dei er ferdig pakka og klare til avgang med trailerane. Når Ingvild treng meg på kontoret, hjelper eg til med meir administrative oppgåver. Eg er «next after» Ingvild, seier Edita på engelsk. Ho har ikkje prioritert å læra seg norsk ennå.

- Du veit når eg er her 12 timar om dagen, og alle kollegaene er frå Litauen, ja då går det automatisk på litauisk. Og når alle nordmenn i tillegg snakkar engelsk, treng eg streng tatt ikkje læra norsk. Eg veit det er sløvt av meg å ikkje prioritera norskopplæring, men etter ein lang dag på jobb, er det ikkje så lett å motivera seg til å ta fatt på nye oppgåver.

,-

Kvifor kom du til Norge?

- Økonomiske grunnar. I Norge er løningane om lag tre gonger høgare enn i Litauen. Faktisk var det endå meir lukrativt før euroen blei innført i Litauen i 2004. Før den tid hadde me eigen valuta Litas. Men framleis et det økonomi som er drivkrafta for all arbeidsinnvandring til Norge, vil eg tru.

,-

Kva  er den største skilnaden på Norge og Litauen?

- I byrjinga tykte eg det var mange ting, men etter så mange år i Norge, har eg vent meg til norske forhold og reagerer ikkje på same måten lenger. Eller jo, forresten, det er ein stor skilnad, og den er viktig. I Norge er det ikkje, eller i alle fall liten, skilnad på arbeidstakar og arbeidsgjevar. Alle blir behandla med same respekt anten ein er lågt eller høgt på rangstigen. Det er kort avstand frå golvet til sjefane. I ein større samanheng har Norge eit system som ivaretek arbeidarane og deira rettar. Det finns eit system som fangar opp dei som av ulike grunnar fell utanfor arbeidslivet, og generelt eit system med betre ordningar for innbyggjarane.

,-

Kva er det beste med Rennesøy?

- At det så trygt å leva her. Dei fyrste åra låste me ikkje dørene, det er ein utenkeleg situasjon i Litauen. Rett nok låsar me no, men det kjennes framleis trygt. Elles set eg stor pris freden og roen, og ikkje minst den reine, fine naturen. Skulle berre hatt meir tid til å bruka den.

,- …….

og det merkelegaste?

- Som sagt eg reagerer ikkje så mykje på særeigenskapane no lenger, men eg hugsar eg reagerte veldig på tunellane, det var eg ikkje vane med. Ikkje med alle fjella heller. Dessutan tykte eg det var merkeleg at butikkane var stengde på sundagar. I Litauen er dei opne 24/7.

,-

Likar du tomat?

- Ja, det gjer eg, men eg et ikkje meir fordi eg jobbar her. Heime hadde med drivhus i hagen med tomatar, så eg har ete tomatar heile livet, men kanskje på andre måtar enn det som er vanleg her.

,-

Skal du på Tomatfestivalen?

- Nei, diverre. Det er midt i den travlaste tida hjå oss, så det går ikkje. Laurdag er like travel som dei fem føregåande dagane. Eg skulle likt vore der, så kanskje ein annan gong……….

,-

Har du lært noko norsk?

- Eg kan sjølvsagt enkelte ord. Men eg må berre innrømma at eg er for lat til å læra, bryr meg for lite. Det er dumt for det er mange gonger eg står i situasjonar kor eg absolutt skulle kunne språket. Eg forstår meir enn eg kan snakka. Grammatikken tykkjer eg er vanskeleg, setningsoppbygginga er annleis, og det gjer meg forvirra.

,-

Lengtar du heim?

- Ja, det er lang tid å vera borte frå familie og vener. Men så er det og slik at når eg heime lengtar eg hit, og omvendt. Kvart år når desember er over, byrjar eg lengta tilbake til Norge, då saknar eg «my boss Ingvild» og tomatpakkeriet, smiler Edita.

Oddbjørg M. Måland