Stavanger kommunen har sett av midlar til fyrverkeri nyttårsaftan.

Det er Nye Stavanger kommune som hostar opp pengar til eit flott festfyrverkeri i dei nye bydelane i storkommunen.,

Rakettane vil gå opp samstundes i alle bydelane i den nye kommunen, og denne gongen er også Vikevåg og Judaberg med.

Stavanger har hatt oppskyting av fellesfyrverkeri i bydelane i fleire år, ein tradisjon som kom i stand etter fleire skader og brannar med privatfyrverkeri. Men når Judaberg og Vikevåg nå blir innlemma i dette, er det også for å markera at dei to øykommunane går inn i Nye Stavanger.

Som ein del av denne markeringa blir det arrangert ei festforestilling med gratiskonsert med Hilde Selvikvåg, toesdag 5.desember i IMI Forum. Festen er for alle som driv med frivillig arbeid i Rennesøy, Finnøy og Stavanger.

Elles er det klart for Avspark tredje veke i januar, som er ein sju dagars lang markering av oppstarten på den nye kommunen. Avspark inneheld mange ulike arrangement i heile den nye kommunen på dag -og kveldstid.