"Fjordrott" tek over ruta etter "Fjordlys".

Utgangpunktet for dei 50 millionane som regionen har fått som beløningsmidlar for bymiljøpakken skal brukast til å styrka kollektivtilbodet, fortrinnsvis i dei område som geografisk inngår i bymiljøpakken.,

- Ja, det er det som er utgangspunktet, og 50 millionar kroner er heller ikkje mykje i denne samanhengen. I staden for å smøra pengane som eit tynt lag utover heile regionen, til dømes ved å redusera båtbillettane med ei kroner, er det betre å bruka pengane på eitt eller fleire spesifikke prosjekt. Det vil ikkje oppmoda til større bruk av kollektiv transport. Difor har me har sett på moglegheita for å utvida hjem-jobb-hjem ordninga til også å gjelda kollektiv transport inn til byen, men det er for tidleg å sei om det vil bli aktuelt for reisande tiI og frå Ryfylke. I Stavanger har ein allereie innført denne ordninga med hurtigbåt til dei ikkje landfaste byøyane, seier Alexander Rugert Raugstein i fylkeskommunen.

-«Dette er ei sak som eg som tidlegare ordførar har vore oppteken av lenge, og som eg no som politikar i Stavanger ser at kan bli ein moglegheit i løpet av relativt kort tid. Eg har sondert dette med andre politikarar innafor både den politiske fleirtalskoalisjonen og elles i det nye kommunestyret, og er rimeleg trygg på at dette skal me få til», sa kommunalråd for Kr.F i Stavanger kommune, Henrik Halleland til avisa i går.

- Dette skal avgjerast på fylket. Den 5. februar skal saka opp i samferdselsutvalet kor det skal gjerast rede for bruken av belønningsmidla. Etter at saka har vore til politisk behandling i samferdelsutvalet, går den vidare fylkesutvalet som gjer si innstilling vidare til fylkestinget. Det er god grunn til å anta at vedtaket som blir gjort i fylkesutvalet blir godkjent i fylkestinget, seier Rugert Raustein.

- Kor sannsynlig er det at hjem-jobb-hjem til Ryfylke blir realisert?

- Det kan eg ikkje svara på, det blir uansett ikkje avgjort før saka har vore oppe i fylkestinget 3. mars. Viss det blir gitt klarsignal til å setta i gang, vil det skje fort, før 1.april, seier Rugert Raustein.